Hopp til innhold

- Ingen livsteikn frå dei innesperra

Ei kolgruve i Kina er råka av kraftig flaum. Ingen veit om dei 26 arbeidarane som jobba i gruva er i live.

Video Kinesiske gruvearbeidarar innesperra

Utanfor den flaum-råka gruva står 200 mann klare til å bistå i redningsarbeidet.

Redningsmannskap jobbar på spreng for å redda ut 26 gruvearbeidarar som er innesperra i den ulovlege Hengtai-gruva i den nordaustlege Heilongijang-provinsen i Kina.

Overfløyminga skjedde tysdag, då 32 arbeidarar var i arbeid under bakken.

– Dei 26 arbeidarane som vart sperra inne, har ikkje gjeve livsteikn frå seg, seier Deng Xiaoqiu ein talsmann for dei provinsielle styresmaktene.

Vatn hindrar redningsoperasjon

Ifølgje lokale styresmakter står 190 redningsarbeidarar ved gruveinngangen, parate til å hjelpa. Men redningsoperasjonen let venta på seg fordi dei enorme vassmengdene gjer det umogleg å komma seg inn eller ut av gruva.

Planen er å få ut vatnet som har samla seg i gruvegangane ved hjelp av tre store pumper.

Deretter vil redningsgruppa forsøka å bora ei 296 meter lang vertikal sjakt for å sleppa oksygen ned i gruva og få kontakt med dei som er innesperra.

Livsfarleg gruveindustri

Den ulukkesråka gruva driv ut rundt 30.000 tonn kol i året. Produksjonen ved Hengtai-gruva skulle ha vore nedlagd, men var i ulovleg drift då ulukka skjedde.

Kina er ein av dei største kolprodusentane i verda. Landet toppar også dødsstatistikken for gruveindustrien. Det offisielle talet på døde var i fjor 2.433.

Dei siste åra har kinesiske styresmakter lagt ned mange smågruver i landet i eit forsøk på å styrka tryggleiken og effektiviteten i gruveindustrien.

Talet på døde har difor vorte redusert i løpet av det siste tiåret, men framleis er det mange gruvearbeidarar i Kina som jobbar med livet som innsats.

Aktivistar hevdar dessutan at mørketala er høge. Dei seier sjefane for mange gruveselskap let veta å melda frå om ulukker fordi dei fryktar straff og økonomiske tap.

Seinast i juli sat70 gruvearbeidarar innesperra etter brannar og flaum i fleire gruver i Shandong-provinsen aust i Kina. Fleire mista livet.

SISTE NYTT

Siste nytt