26 drepne i bussangrep i Pakistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

26 muslimar på pilgrimsreise vart drepne i eit bussangrep i Pakistan i ettermiddag.

Ein buss med sjia-muslimar vart angripen torsdag ettermidag i nærleiken av grensebyen Quetta i Pakistan. Dette opplyser lokalt politi til CNN.

Minst 26 menneske vart drepne i angrepet, og seks er meldt skada.

Passasjerane var på ei religiøs pilgrimsreise, og var på veg til Iran då dei ukjende terroristane byrja å angripe bussen.

Angrepet skjedde i Mastung-distriktet, eit område som har vore herja av av mykje vald mellom ekstremistar innan shia- og sunni-retningane i islam.

CNN opplyser at det også var eit angrep like ved ein forstad til Quetta. Her skal tre menneske ha blitt skotne i ein bil, ifølgje politikjelder.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt