Hopp til innhold

26 døde etter togkrasj i Sør-Afrika

26 personar omkom fredag då eit godstog kolliderte med ein lastebil som var i ferd med å kryssa togskinnene. Lastebilen var fullasta med gardsarbeidarar.

Togulukke i Sør-Afrika

Togulukka i Malelane skal vera den verste i regionen sidan 1994.

Foto: SIPHIWE SIBEKO / Reuters

Ulukka skjedde klokka 07.30 norsk tid nær byen Malelane i den austlege provinsen Mpumalanga. Det blei først rapportert om 20 døde, men i ettermiddag er talet oppe i 26.

Godstoget, som transporterer kol til Mosambique, pløydde inn i lastebilen og drog det fire tonn tunge køyretøyet med seg bortover skinnene i opp mot to kilometer.

– Det ser ut til at lastebilsjåføren kan ha kryssa togskinnene utan å sjå seg skikkeleg til begge sider først, opplyser Thulani Sibuyi, leiaren for departementet for samfunnstryggleik i provinsen.

Det var i alt 40 arbeidarar om bord i lastebilen. Over 20 av dei er alvorleg såra, og frakta til sjukehus

– Etter det eg kjenner til er dette den verste togulukka i vår region sidan 1994, seier Joseph Mabuza, ein talsmann for departementet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt