Hopp til innhold

25 sivile drepne i Afghanistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv i lufta i ei gravferd Afghanistan i dag. Minst 25 sivile vart drepne og over 60 såra, melder BBC.

Det lokale politiet opplyser at angrepet fann stad ved 12-tida norsk tid i det avsidesliggjande området Dur Baba i provinsen Nangarhar.

Guvernør Hamisha Gul var truleg målet for angrepet, men det er motstridande meldingar om han er blant offera. Det var ein slektning av Gul som skulle gravleggjast då sjølvmordsbombaren slo til.

Ein del meldingar går ut på at guvernøren er blant dei såra.

Ingen har teke på seg ansvaret for angrepet, men Taliban har gjennomført fleire liknande angrep i området.

SISTE NYTT

Siste nytt