25 drepne i bombeangrep i Pakistan

Minst 25 personar er drepne og 154 skadde etter at ei bombe gjekk av på ein gasstasjon i den pakistanske byen Faisalabad.

Bombeangrep i Pakistan

Redningsmannskap hentar ut omkomne etter eksplosjonen.

Foto: STRINGER/PAKISTAN / Reuters

Eksplosjonen førte til at fleire gassylindrar også gjekk av, og øydela fleire hus og bilar i nærleiken. Minst 25 menneske vart drepne, og 154 vart skadde, opplyser politiet til nyheitsbyrået AFP.

– Vi fryktar at dødstala vil gå opp fordi tilstanden til fleire av dei skadde er veldig kritisk, seier politisjefen Aftab Cheema.

Starta av bilbombe

Han opplyser at eksplosjonen var starta av ei bilbombe inne på ein CNG-stasjon (compressed natural gas). Mange bilar i Pakistan går på slik CNG-gass.

Augevitnet Ijaz Hussain fortel at det var ein kraftig smell.

– Det var øyredøyvande. Eg trudde bakken hadde gitt etter på grunn av eit jordskjelv. Alle sprang hit og dit for å redde livet, fortel han og seier han såg skadde og omkomne liggande på bakken etterpå.

TV-bilete viste at gasstasjonen vart redusert til ein haug av murstein og samankrølla metall etter eksplosjonen.

Auke i bombeangrep

Dei siste tre åra har det vore ein auke i bombeangrep i Pakistan, nær den nordvestlege grensa til Afghanistan. Dette er eit område der militære styrkar utkjempar kampar mot Taliban.

Hæren seier dei mange militære angrepa mot området har har svekka dei militante gruppene, men at slike bombeangrep framleis skjer.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt