Hopp til innhold

23 kvinner sikta i overgrepssak

23 svenske kvinner er sikta for spreiing av overgrepsbilete av born på Internett. Alle skal hatt kontakt med hovudmannen i saka, ein 43 år gammal mann.

Aktor Niclas Eltenius ved distriktsdomstolen i Falun.

Aktor Niclas Eltenius meiner å kunne bevise at kvinnene var aktive i saka.

Foto: ULF PALM / SCANPIX / Ap

Dei 23 kvinnene er i alderen 38 til 70 år. Dei kjenner ikkje kvarandre, men alle har hatt ulik kontakt med hovudmannen i saka, ein 43-åring frå Borlänge.

Barneporno (ill.foto)

23 svenske kvinner er sikta for spreiing av overgrepsbilete av born på Internett.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Kvinnene nektar for å ha seksuell interesse av born, men påtalemakta meiner dei kan bevise at dei oppmuntra hovudmannen til å sende dei fleire bilete.

Grove overgrep

Den 43 år gamle hovudmannen i saka vart pågripen i september i fjor. Politiet tok beslag i 115 bilete og 37 filmar med innhald som viser grove overgrep mot born, både av seskuell og valdeleg karakter.

Påtalemakta meiner at den 43 år gamle mannen , som risikerer seks års fengsel, har kome i kontakt med kvinnene via eit chatterom på Internett.

- Han har testa grensene deira, kor langt dei var viljuge til å gå. Han starta med å snakke om sex med avføring, heldt fram med dyresex og til slutt seksuelle overgrep mot born, sa aktor Niclas Eltenius på ein pressekonferanse i den svenske byen Falun i dag.

Eltenius gjorde eit poeng av det blant kvinnene er både mødrer og bestemødrer.

- Det var frivillig

Fleire av kvinnene har nekta for at dei ville laste ned bileta 43-åringen sende over, men Eltenius meiner det ikkje er tvil om at dei var med på dette frivillig. Han viser til at politiet har sikra seg rundt 5000 loggar frå ulike chattesider frå 2004 og fram til i dag.

Han fortalde på pressekonferansen at fleire av kvinnene har hatt kortvarige seksuelle forhold til hovudmannen. Kvar av kvinnene hadde mellom seks og 71 ulovlege filer på datamaskinane sine, og dette har ei strafferamme på fengsel i to år.

Saka mot kvinnene er venta å kome opp distriktsretten i Falun i løpet av andre halvår i år.

SVT.se har vore i kontakt med ei av kvinne, ei 53 år gammal firebarnsmor frå Dalarna. Ho fekk tilsendt fleire overgrepsbilete med born til sin datamaskin.

- Ikkje forbode med fantasiar

- Det er vel ikkje forbode å ha fantasiar, seier ho på telefonen.

Den 53 år gamle kvinna, også ho frå Borlänge, og den 43 år gamle mannen, møttest på ei chatteside for vel fem år sidan. Det byrja med uskuldig prat, seier ho, men enda med at han sende overgrepsbilete med born til henne via E-post.

- Han sende bilete som eg eigentleg ikkje ville ha, men eg måtte opne dei og sjekke kva det var. Seinare trua han med å avsløre med om eg ikkje ville ta mot fleire bilete, seier ho.

Dei to møttest fleire gonger heime hos mannen, og ho fortel om ein mann som var koseleg å vere saman med.

No angrar den 53 år gamle kvinna på at ho ikkje melde 43-åringen til politiet. Ho er djupt fortvila, og ho har fått store problem med å sove om natta.

Berre ein prosent av alle som bli dømde i denne typen saker, er kvinner.

LES OGSÅ: – Nabokvinnen må frifinnes

LES OGSÅ: – Kan ikke legge for stor vekt på barneavhørene

LES OGSÅ: Aktor: – De tiltalte kan ikke snakke seg bort fra overgrepene

LES OGSÅ: Vil ha tre år for overgrepstiltalt

SISTE NYTT

Siste nytt