23-åring arrestert for drapet på svensk lege

Politiet i Malmö har sikta ein 23 år gammal mann for medverknad og planlegging av det brutale drapet på ei 31 år gammal kvinne i byen 26. august. Kvinna bar eit barn på armen då ho vart skoten.

Utbrent fluktbil i Malmö.

Fluktbilen drapsmannen brukte vart funnen utbrend kort tid etter drapet.

Foto: Tt News Agency / Reuters

Statsadvokat Pär Andersson seier til SVT at målet for angrepet eigentleg var ektemannen til kvinna, som gjekk ved sida av henne . Politiet meiner at 23-åringen hadde planlagt drapet i seks dagar før det skjedde. Det er uklart kva dei byggjer dette på.

Karolin Hakim.

Den 31 år gamle legen Karolin Hakim vart skoten og drepen på gata i Malmö 26. august, medan ho bar eit lite barn på armen.

Foto: Privat/SVT

Det er heller ikkje klart om politiet meiner at ektemannen var det eigentlege målet for skota som vart fyrte av mot kvinna, eller om dei trur at drapet på kvinna vart gjennomført for å ramme han kjenslemessig.

Det er kjent at mannen tidlegare har vore involvert i alvorleg kriminalitet, medan drapsofferet hadde reint rulleblad.

Fengsla i to veker

Tingretten gjekk med på å varetektsfengsle 23-åringen fram til 27. september. Den formelle siktinga gjeld medverknad til drap, medverknad til drapsforsøk og medverknad til grovt brot på våpenlovene.

23-åringen avviste skuldingane og kravde å bli sett fri, opplyser forsvararen hans, Jesper Montan.

Den 31 år gamle legen Karolin Hakim vart skoten og drepen på Sergelsvägen på Ribersborg i Malmö på føremiddagen 26. august. Ho vart skildra som eit varmt menneske med stor omtanke for andre.

Dagen etter drapet opplyste politiet at dei hadde sikra seg det som truleg var drapsvåpenet.

Eigaren av bilen sett fri

Tre dagar etterpå vart ein 19 år gammal mann arrestert, mistenkt for å ha medverka til drapet. Han vart seinare sett fri, men politiet opplyser at han framleis er ein del av etterforskinga. Han stod som formell eigar av bilen drapsmannen flykta frå staden i.

23-åringen som no er varetektsfengsla er registrert i strafferegisteret med ti saker, dei fleste var brot på trafikklovene. For to år sidan vart han dømd til samfunnsteneste for mishandling og truslar.

Mannen skal vere aktiv fotballspelar, og han har dei siste åra vore fast tilsett ved ein skule i Malmö.

SISTE NYTT

Siste nytt