Tankbilane var på veg frå Usbekistan og stod parkerte i den nordlege, afghanske Samangan-provinsen då åtaket skjedde.
Alle dei 22 tankbilane blei totalskadde i brannen som oppstod, opplyser vise-guvernøren i provinsen.
Magnet-bombe
Den militante islamistiske rørsla Taliban har teke på seg ansvaret for eksplosjonen, som skal ha blitt utløyst av ei magnetisk bombe som var festa til ein av bilane.
Pakistan oppheva tidlegare i juli blokaden av NATO si forsyningsrute til Afghanistan. Førebels har berre eit fåtal tankbilar kryssa grensa.
Eigarane seier dei ventar på kompensasjon og tryggingsgarantiar før dei legg ut på fleire farefulle oppdrag mellom Karachi heilt sør i Pakistan og grensa til nabolandet Afghanistan.