Hopp til innhold

22-åring skoten og drepen ved skule

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein 22 år gammal mann vart i natt skoten og drepen i nærleiken av Örby skule sør i Stockholm. Politiet jaktar på gjerningsmannen.

Politiet opplyser at det var vitne til det som skjedde. Eitt av vitna seier til Aftonbladet at han høyrde fem skot. Tidningarnas Telegrambyrå (TT) melder at det 22 år gamle drapsofferet er kjend av politiet frå tidlegare.

– Dette er ikkje eit tilfeldig drap. Det verkar klart at gjerningspersonen har sett ut offeret sitt. Ein kan tolke det som ei avretting, det var tydeleg at her var nokon ute for å drepe, seier Elizabeth Wernsten i politiet i Söderort i Stockholm til Expressen.se.

Drapet skjedde ved 00.30-tida i natt.

Store politistyrkar jaktar no på gjerningsmannen, og ein talsmann for Stockholmspolisen seier at det er ei massiv politietterforsking.

SISTE NYTT

Siste nytt