Hopp til innhold

21 omkom i syklon i Bangladesh - mange har blitt heimlause

21 menneske har mist livet, og minst hundre er skadde etter at ein kraftig syklon ramma det sørlege Bangladesh i dag.

Syklon i Bangladesh.

Redningsarbeidarar leitar etter overlevande i eit hus som er knust av syklonen «Roanu» i Chittagong i Bangladesh.

Foto: - / Afp

Over ein halv million menneske har flykta frå heimane sine som følgje av syklonen «Roanu», og styresmaktene i det asiatiske landet har varsla at det er aktuelt å evakuere ytterlegare to millionar.

Syklon i Bangladesh.

Syklonen «Roanu» har skapt problem også i hovudstaden Dhaka, men situasjonen er verst sør i landet.

Foto: A.M. Ahad / Ap

Byen Chittagong er hardt ramma av syklonen, og over 20 landsbyar er fullstendig overfløymde, opplyser det lokale politiet.

Dårlege hus

Mange bur i dårlege hus i dette området, enkle jordhytter og bølgjeblekkskur. Dei evakuerte er innlosjerte i 3500 evakueringssenter, opplyser styresmaktene.

Syklonen har øydelagt hus, rive tre opp med røtene og kraftig regn har utløyst jordskred som også har teke med seg bustadhus og andre bygningar. Fleire stader har havnivået stige med over ein meter i forhold til det normale.

– Bør halde seg innandørs

Det er ikkje venta at syklonen vil gi seg før søndag ettermiddag. Folk i den sørlege delen av Bangladesh blir bedne om å halde seg innandørs. Fiskarar blir bedne om ikkje gå ut med båtane sine, og folk på reisefot bør halde seg i ro inntil vidare.

Syklon i Bangladesh.

Over ein halv million menneske er tvungne til å flykte frå heimane sine som følgje av syklonen «Roanu».

Foto: - / Afp
bangla

150 mennesker fryktes omkommet i jordras

SISTE NYTT

Siste nytt