Hopp til innhold

21 månaders fengsel for Anthony Weiner

Den tidlegare kongressrepresentanten Anthony Weiner er dømd til fengsel i 21 månader for å ha sendt seksuelt innhald til ei 15 år gammal jente via Skype og Snapchat.

Anthony Weiner.

Anthony Weiner er dømd til fengsel i 27 månader for å ha sendt grove tekstmeldingar og bilete til ei 15 år gammal jente.

Foto: Timothy A. Clary / AFP

Aktor bad om 27 månaders fengsel for Weiner, som lenge var rekna som ein av kronprinsane i Det demokratiske partiet. Men karrieren han gjekk i grus som følgje av hangen hans til å sende bilete av seksuell karakter til kvinner via mobilen.

Fleire observatørar meiner at den siste avsløringa av Anthony Weiner var ei medverkande årsak til at Hillary Clinton tapte presidentvalet mot Donald Trump.

Ville bli borgarmeister

Huma Abedin.

Huma Abedin var tidlegare gift med Anthony Weiner.

Foto: Dimitrios Kambouris / AFP

Han var tidlegare gift med Huma Abedin, som var ein nær medarbeidar av Hillary Clinton, men dei er no separerte. Han trekte seg frå Kongressen etter fleire pinlege avsløringar, men han prøvde å bli borgarmeister i New York i 2013.

Midt i valkampen tok han opp igjen den gamle uvanen sin med å sende seksuelt lada bilete og tekst til kvinner, såkalla sexting. Han tapte borgarmeistervalet så det song, og seinare bad kona Huma Abedin om skilsmisse.

Det viste seg at Abedin hadde brukt Weiners berbare PC til å sende E-post for Hillary Clinton. Dette kom fram då FBI gjekk gjennom PC-en til Weiner, og det var årsaka til at FBI tok opp igjen etterforskinga av Hillary Clintons E-postserver kort tid før presidentvalet i fjor.

Hvem reiser seg etter sexskandalene?

Derfor er dette en gavepakke til Trump-kampanjen

Bad om orsaking

53 år gamle Anthony Weiner sa då saka var oppe i retten sist onsdag at han har fått behandling for problemet sitt, og at han er svært lei seg for at han sende dei seksuelt lada meldingane til den 15 år gamle jenta.

Aktoratet minte på si side om at han også tidlegare har sagt at han har vore kurert for den spesielle hobbyen sin, utan at det har stansa aktiviteten.

Tatt med «buksene nede» på Twitter igjen

Demokratenes stjerneskudd tatt med buksa nede på Twitter

SISTE NYTT

Siste nytt