NRK Meny
Normal

200 turistar innstengde på hotell

200 turistar blir haldne innestengde på eit hotell i Hongkong i sju dagar, etter at ein av gjestane er stadfesta smitta av svineinfluensa.

- Ingen slepp inn i hotellet, seier denne politimannen.

- Ingen slepp inn på hotellet, seier politimannen.

Foto: BOBBY YIP / REUTERS

Hotell Metro Park i turistområdet Wanchai i Hongkong er fullstendig avstengt. Både gjestane og dei 100 tilsette har fått klar beskjed om at dei ikkje får forlate hotellet før det er gått sju dagar.

Dette skjer etter at det vart stadfesta at ein 25 år gammal mexikansk mann, som er gjest på hotellet, var smitta av influensa-viruset. Dette er det første stadfesta tilfellet i Asia.

Det er ingen norske gjestar på hotellet, får NRK.no opplyst.

- Overreaksjon

Det er sett opp sperringar rundt hotellet

Det er sett opp sperringar rundt hotellet.

Foto: BOBBY YIP / REUTERS

Ein ekspert på infeksjonssjukdomar seier at styresmaktene i Hongkong har overreagert når dei nektar 300 personar å forlate hotellet.

Dei tøffe tiltake som helsestyresmaktene i Hongkong har sett i verk viser kor stor frykta for sjukdomen er. Hongkong vart alvorleg ramma av SARS-viruset i 2005, og det har også vore fleire tilfelle av fugleinfluensa dei siste 10 åra.

Det er mange utanlandske turistar på hotellet, og mange er sterkt irriterte for at dei må halde seg på hotellrommet.

- Dei seier at alle må halde seg på romma sine. Eg vil ikkje vere på rommet, eg vil ut, seier ein fortvila australsk mann på telefon til ein lokal fjernsynsstasjon.

Video nsps_upload_2009_5_2_17_5_23_4478.jpg

Olivier Dolige er ein av dei innestengde. Klikk på biletet for å sjå video.

Ei kvinne frå Singapore, som berre skulle ein rask tur til Hongkong for å feire bursdagen til ei venninne, er fortvila fordi mannen og det vesle barnet deira er heime i Singapore.

Sperringar

Ingen vanleg kvardag for dei tilsette på hotell Metro Park

Ingen vanleg kvardag for dei tilsette på Hotell Metro Park

Foto: ED Jones / AFP

Ein fransk mann, som sjekka inn på hotellet i går kveld, men som ikkje var der i natt, fekk beskjed om at også han må halde seg på hotellet då han kom dit i dag tidleg.

Han stilde seg uforståande til pålegget, fordi han berre så vidt hadde vore innom hotellet.

Det er fullt av politi, journalistar og fotografar utanfor hotellet. Ein restauranteigar i nabolaget klagar over at gjestane hans ikkje kjem fram til restauranten på grunn av alle politisperringane.

Den mexikanske mannen kom til Hongkong frå Mexico torsdag etter ei mellomlanding i Shanghai. Han fekk feber då han kom til hotellet, og tok ein drosje til eit nærliggjande sjukehus. Her blir det opplyst at tilstanden hans er stabil.

Helsearbeidarar ventar på å få kome inn i hotellet.

Helsearbeidarar ventar på å få kome inn på hotellet.

Foto: BOBBY YIP / REUTERS

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt