NRK Meny
Normal

200 fanga på drivande isflak

Over 200 personar sat i ettermiddag fast på to drivande isflak utanfor Riga i Latvia. Dårleg vêr kompliserte den dramatiske redningsaksjonen.

Fanga på Isflak i Latvia

Kraftig vind har fått isen til å losna og driva utover havet med om lag 500 menneske på. Store styrkar jobbar i ettermiddag med å redda i land dei som er fanga på isflaka.

Foto: @Jānis Zvērs / Twitter

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Over 200 personar, også born og kvinner, var ute på isen og fiska då to isflak losna. Kraftig vind har fått isen til å driva om fire kilometer ut i Rigagolfen, skriv den latviske nettavisa Apollo.

Store redningsmannskap jobba i ettermiddag med å berga folk i land. Helikopter og marineskip tok del i den massive redningsoperasjonen.

– Situasjonen er dramatisk

Naudetatane fekk først melding om hendinga kl. 11.30 norsk tid. Rundt klokka 15 var alle dei om lag 200 personane redda i land, og redningsaksjonen avslutta, melder TVNET.

Dårleg vêr gjorde redningsarbeidet vanskeleg. Isen er tjukk, men bølgjene frå Østersjøen slår fredag kraftig inn mot Rigabukta.

– Situasjonen er dramatisk, det bles kraftig og båtane som er sette inn i redningsaksjonen er ikkje eigna for bruk ute på ope hav, sa Victoria Sembele i redningstenesta til TVNET.

Det blei først rapportert om at 500 personar sat fast på isflak nær strendene Vakarbulli og Majori utanfor hovudstaden Riga. Den latviske redningssentralen korrigerte seinare talet til om lag 220.

Ingen skal vera alvorleg skadde som følgje av dramaet.

Krisedepartementet i Latvia oppmodar på det sterkaste folk om å ikkje gå på isen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt