LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
I går kveld opplyste NATO at den USA-leidde NATO-styrken i Afghanistan hadde starta den varsla offensiven mot Taliban i Helland-provinsen.
Offensiven er den første etter at USAs president Barack Obama gjorde det klart at han ville sende nye 30.000 amerikanske soldatar til Afghanistan.
Fleire tusen soldatar frå det amerikanske marinekorpset har saman med afghanske soldatar og britiske NATO-styrkar omringa Marjah i fleire dagar.
Ifølge AFP er 20 medlemmer av talibanmilitsen drepne i åtaket.
Kaste ut Taliban
Offensiven er tenkt å kaste Taliban ut av Marjah, det siste byområdet den islamistiske organisasjonen framleis kontrollerer.
Den militære framrykkinga som no er i gang er truleg ein av dei største sidan starten på krigen i Afghanistan i 2001.
Marjah ligg midt i Helmand-provinsen. Nord for Marjah ligg området der 10.000 britiske soldatar patruljerer. Sør for Marjah har ein amerikansk elitestyrke på 15.000 mann ansvaret.
Det er uklart kor mange stridande Taliban har i Marjah, tala har variert mellom 400 og 1000.
Mange på flukt
Målet med offensiven er å ta kontroll over Marjah, og syte for at den afghanske regjeringa igjen kan ta over ansvaret for innbyggjarane. Det bur rundt 100.000 menneske i byen Marjah og det nærmaste omlandet, rundt 80.000 i sjølve byen.
NATO-styrken har brukt flygeblad og radio for å åtvare innbyggjarane mot å gi husly til Taliban-opprørarar. Innbyggjararane blir også oppmoda om å melde frå om vegbomber og andre truslar mot NATO-soldatane.
Så mange som 50.000 menneske skal ha flykta frå Marjah i frykt for den varsla offensiven, men det er vanskeleg å få fram sikre tal på kor mange som har flykta.
Taliban har gjort det klart at dei vil kjempe til siste mann mot dei utanlandske soldatane.
Skeptisk forskar
Den svenske forskaren Robert Engell, lektor i krigsvitskap ved den svenske forsvarshøgskulen, tvilar på at den strategiske offensitven NATO er i gang med vil lukkast, og han trekkjer linene tilbake mot USAs angrep på den irakiske byen Falluja i november 2004.
Også den gongen var målet å nedkjempe opprørarar i ein massiv offensiv. Konsekvensen for innbyggjarane var ein katastrofe, seier han.
- Falluja-offensiven har i ettertid blitt stempla som mislukka. Motstanden vart ikkje knekt, seier Engell.
Han seier seg likevel samd med dei som meiner at USAs Afghanistan-strategi står og fell med ein suksess i Marjah.