Hopp til innhold

20 drepne av bomber i Sør-Irak

Minst 20 menneske vart drepne i bombeeksplosjonar på to minibussar i det sørlege Irak i ettermiddag.

Minst 10 andre er såra i angrepa, som skjedde i byen Kut, 150 kilometer sør for Bagdad.

Det bur i hovudsak sjiamuslimar i dette området.

Bomber på utsida

Ein talsmann for politiet i Kut seier til AFP at bombene var festa på utsida av bussen. Dei var dekte av eit limaktig stoff slik at dei klistra seg til bussane.

Sist onsdag vart minst 95 menneske drepne og fleire hundre såra i to bombeangrep i Bagdad.

Etter ein rolegare periode har det vore fleire alvorlege angrep i Irak den siste tida, spesielt i hovudstaden Bagdad.

Sinne og fortviling

Kut og området rundt har stort sett vore skåna for slike angrep dei siste åra, og terrorhandlinga vekte sinne og fortviling blant innbyggjarane.

- Dette er ei kriminell og svikefull handling. Dette er første gong noko slikt skjer i Wasit-området, som til vanleg er svært fredeleg. Dette er eit forsøk på å få flytte valden til provinsen og skape terror, sa ein harmdirrande leiar for provinsrådet, Mahmoud Abdulla.

Angrepet i Kut skjedde same dagen som dei politiske støttespelarane til statsminister Nuri al-Maliki, som er sjiamuslim, har danna eit samarbeid for å utfordre nettopp Maliki ved valet i januar 2010.

SISTE NYTT

Siste nytt