NRK Meny
Normal

Eks-diktator fekk 20 års fengsel

Tidlegare diktator i Tunisia, Zine al-Abidine Ben Ali, er dømt til 20 års fengsel for å ha oppmoda til drap og plyndring.

Zine al-Abidine Ben Ali

FENGSEL: Tidlegare diktator i Tunisia, Zine al-Abidine Ben Ali, er dømt til 20 års fengsel.

Foto: JACKY NAEGELEN / Reuters

Zine al-Abidine Ben Ali er skuldig i å ha oppmoda til uorden, drap og plyndring, heiter det i dommen frå ein militærdomstol i hovudstaden Tunis.

Rømte til Saudi-Arabia

Han er dømt for å ha oppfordra til fleire lovbrot, og saka mot han er i samband med drapa på fire ungdommar som blei skotne i byen Ouardanine i januar 2011.

Ben Ali blei fjerna frå makta i eit folkeopprør i Tunisia i januar i fjor.

LES: Slaget som endra alt

Då hadde han site ved makta i 23 år, og styrt landet med jernhand gjennom eittpartistyre og udemokratiske val.

Sidan han forlet landet, har han budd i eksil i Saudi-Arabia.

Starta den arabiske våren

Under demonstrasjonane som braut ut hausten 2010 klaga folk særleg på korrupsjon, mangel på demokrati, høge matprisar og høg arbeidsløyse.

Folkeopprøret mot det autoritære regimet til Ben Ali var starten på den arabiske våren, som også har ført til at presidenten i Egypt, leiaren i Libya og presidenten i Jemen har blitt tvungne til å gje frå seg makta.

LES: Den arabiske vårens første test

Etter revolusjonen i Tunisia valde folket Moncef Marzouki til ny president i landet.

Presidenten levde gjennom det meste av si politiske karriere i opposisjonen til Ben Ali, og blei tvungen til å leve i eksil i Frankrike i eit tiår.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt