197 flyktningar omkom i forlis

197 båtflyktningar omkom då båten dei var om bord i kom i brann og gjekk ned i Raudehavet mellom Sudan og Saudi-Arabia.

Berre tre menneske vart berga, melder det statlege sudanske nyheitsbyrået. Offera var frå Sudan sine naboland, heiter det i meldinga. Det blir famleis leita etter overlevande.

Transporten er organisert av menneske-smuglarar, melder byrået. Fire menn frå Jemen er pågripne, mistenkte for å ha organisert transporten. Båten som vart brukt, er registrert på Cuba.

Det går ikkje fram av meldinga kvar båten kom frå, men somaliske flyktningar prøver ofte å kome seg til Saudi-Arabia denne vegen.

Eit anna forsøk på å smugle 247 flyktningar, dei fleste frå Somalia, Eritrea, Tsjad og Nigeria, er stansa av sudanske styresmakter, melder det sudanske nyheitsbyrået.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt