Eksplosjonane skjedde på fullstappa tog midt i rushtida. Det blei brukt 13 bomber i angrepa, og ti av dei eksploderte. Dei tre andre var udetonerte, og spanske styresmakter har no teke hand om dei. Terroraksjonen er den verste i moderne tid i Spania.
Lokaltog
To lokaltogvogner i eit tog som kom til hovudjernbanestasjonen Atocha frå Guadalajara aust for hovudstaden, er totalskadde. Augevitne såg døde og skadde liggjande på bakken.
Vitne sitert av radiostasjonen Cadena Ser sa at det var ein eksplosjon på eit tog rett etter klokka 7.30.
Andre rapporterte om ein andre og ein tredje eksplosjon om bord på minst eitt anna tog kort tid etter. Seinare kom det meldingar om også ein fjerde eksplosjon.
Evakuering
(Grafikk: NRK)
Politiet evakuerte hovudjernbanestasjonen Atocha kort tid etter eksplosjonane.
Det er også meldt om eksplosjonar på togstasjonane Pozo del Tio Raimundo og Santa Eugenia, nær den spanske hovudstaden.
Mellom tutande ambulansar og politibilar av ulike slag kom gråtande og skadde menneske ut frå stasjonane.
Val søndag
Det er ikkje kjent kva eksplosjonane skuldast. Spania, som lenge har hatt problem med vald frå baskiske separatistar, held val på ny nasjonalforsamling komande søndag.
Dei politiske partia har avslutta valkampen på grunn av eksplosjonane.
Ein talsmann for den spanske regjeringa sa i føremiddag at regjeringa meiner det er den baskiske separatistrørsla ETA som står bak eksplosjonane. Seinare sa innanriksministeren Angel Acebes at regjeringa ikkje utelukka nokon i etterforskinga av kven som står bak, men litt seinare sa han at det er heilt sikkert at ETA er den skuldige. - Det er heilt klårt at terrororganisasjonen ETA har gått til eit åtak med store konsekvensar, sa han.
Til no er det ingen som har sagt offentleg at dei tek på seg skulda for aksjonane. Det forbodne baskiske partiet Batasuna nektar for at det er ETA som står bak, og la i staden skulda på arabiske grupper.
Dramatisk redningsaksjon i Madrid etter eksplosjonane. (Foto: TVE)
Den spanske regjeringa har kunngjort tre dagar landesorg etter eksplosjonane.
Regjeringa til statsminister Jose Maria Aznars sat i krisemøte etter eksplosjonane, og skal kome med ei kunngjering seinare på dagen, melder telegrambyrået Europa Press.