NRK Meny
Normal

190 drepne av bomber i Bagdad

Rundt 190 menneske er drepne i fleire ulike bombeangrep i den irakiske hovudstaden Bagdad i dag.

Minst fem bombeangrep i Bagdad
Foto: WISAM SAMI / AFP

Det er meldt om minst fem bombeangrep i Bagdad i dag, og mange av dei drepne er  kvinner og born.

Det verste angrepet var ei bilbombe som gjekk av på ein marknadsplass i bydelen Sadriya i det sentrale Bagdad. Her er minst  140 drepne og rundt 150 såra, opplyser kjelder i politiet.

Mange drept i Bagdad Skreik og ropte

Innbyggjarane i denne bydelen er stort sett sjiamuslimar og kurdarar. Mange av dei drepne i dag var bygningsarbeidarar, som var i ferd med å byggje opp igjen området etter at det vart ramma av ein kraftig bombeeksplosjon i februar. Då vart 137 drepne.

-Eg såg fleire tiltals døde. Nokre hadde brent inne i minibussar, men ingen kunne nå dei. Kvinner skreik og ropte på sine kjære som døydde i eksplosjonen, seier eit augevitne.

 

Ein ung mannen har fraktar bort liket av eit menneske.
Foto: CEERWAN AZIZ / REUTERS

Tidlegare i dag vart 35 menneske drepne i ein bilbombe-eksplosjon ved ein militær kontrollpost ved inngangen til den sjiamuslimske Sadr-bydelen.

Aukande press

Ei tredje bilbombe tok livet av minst 10 menneske, blir det opplyst, og det er også meldt om døde frå dei andre bombeeksplosjonane.

Det er døde også frå dei to andre bombeeksplosjonane, men her er det ikkje oppgitt tal.

Se: Blodig dag i Bagdad

Hør: Mange drept i Bagdad

Eksplonane i dag kom berre få timar etter at Iraks statsminister Nuri Al Maliki sa at irakiske styrkar vil ta over tryggingsansvaret frå dei utanlandske soldatane i løpet av dette året.

Maliki er under aukande press for å sette ein dato for når dei amerikanske styrkane skal vere ute av landet.

 

Folk flyktar frå eit bombeangrep i Sadr-bydelen i Bagdad.
Foto: ALI ABED / AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt