Ulukkesflyet var på veg til Katmandu etter ein omvisingstur opp til Mount Everest då det køyrde inn i ei fjellside ved Godavari, ti kilometer frå flyplassen.
Årsaka til havariet er ikkje kjend, men det var kraftig regnvêr og tåke i området då flyet krasja.
Éin døydde på sjukehus
Passasjerane om bord i flyet var 16 turistar frå ulike land: ti indarar, to amerikanarar, éin japanar, tre nepalarar og eit mannskap på tre personar.
– Me frakta ein overlevande til sjukehuset, men han døydde under behandlinga, seier talsmann for politiet Binod Sigh.
Augevitne fortel til lokale TV-stasjonar at flyet var i veldig låg høgde, og at det kom flammar ut frå luftfartøyet like før krasjet.
– Det flaug overraskande lågt. Så krasja det i fjellet og det oppstod ein kraftig eksplosjon.
Det vesle flyet tilhøyrde privatselskapet Buddha Air og var av typen Beechkraft 1900 D. Selskapet flyr innanriksruter i Nepal.