19-åring tilstår drap på 21-åring i Sverige

Ein 19 år gammal mann har tilstått drapet på 21 år gamle Ida Johansson i Upplands Väsby utanfor Stockholm. Ho vart drepen under ein joggetur 5. august.

Politiet ved stedet en ung kvinne ble funnet drept, 6.8.15

Det var 5. august i år at 21 år gamle Ida Johansson vart drepen under ein joggetur i Upplands Väsby.

Foto: Christine Olsson / TT / NTB scanpix
Bent Tanstad
Journalist

Politiet opplyste dette på ein pressekonferanse i dag. 19-åringen som no er arrestert skal ikkje vere kjend av politiet frå tidlegare saker. Han vart framstilt for varetektsfengsling klokka 12 i dag.

Felt av DNA-spor

Ida Johansson vart drepen 5. august.

21 år gamle Ida Johansson vart drepen under ein joggetur i august i år. Ein 19-åring har tilstått drapet.

Foto: Polisen / TT NYHETSBYRÅN

19-åringen vart gripen i går kveld etter eit tips om at han hadde vore i turløypa samstundes som den 21 år gamle kvinna. Politiet reiste heim til mannen på føremiddagen og avhøyrde han, og det vart også teke DNA-prøve.

DNA-prøva vart hastesendt til Statens kriminaltekniske laboratorium i Stockholm, og svaret på seint i går ettermiddag.

– Vi kunne ikkje arrestere han etter det første avhøyret, men vi hadde kontroll på han heile dagen slik at vi visste kvar han var, sa politiområdesjef Christer Nilsson på pressekonferansen

Det det var klart at det var same DNA som vart funne på Ida Johansson, vart 19-åringen arrestert. Då la han alle korta på bordet og tilstod drapet.

Politiet vil førebels ikkje seie noko om motivet for drapet, og heller ikkje om det er snakk om eit seksualdrap.

Vanskeleg etterforsking

Det var ved 18-tida 5. august at drapet skjedde på ein skogsstig i Upplands Väsby utanfor Stockholm. Då Ida Johansson ikkje kom heim etter joggeturen, byrja familiemedlemer å leite etter henne. Ved 21-tida vart politiet varsla, og ved 02-tida vart 21-åringen funnen drepen like ved skogsstigen.

Politiet ved stedet en ung kvinne ble funnet drept, 6.8.15

Det var ved denne trimløypa i Upplands Väsby at

Foto: Christine Olsson / TT / NTB scanpix

Det er kjent at politiet har sikra seg DNA-spor som stamma frå drapsmannen, men etterforskinga har vore vanskeleg. Politiet har fleire gonger oppmoda folk i nærområdet om alle typar tips, melder SVT .

DNA-testing

Det er også teke DNA-prøver av over 100 personar i samband med etterforskinga.

Politiet: – Ikkje jogg med øyreproppar

– Ved hjelp av DNA er det mogleg å få fram hårfarge, augefarge og farge på huda, sa Martina Nilsson, som jobbar med tekniske bevis for Stockholms-politiet, til SVT for nokre få dagar sidan.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt