Ein 18 år gammal irakisk statsborgar er pågripen i Wien, fortel den austerrikske innanriksministeren Gerhard Karner.
Det melder avisa Kurier.
Pågripinga skjedde som ein del av etterforskinga av angrepsplanane mot Taylor Swift sine konsertar i Wien.
Målet til tenåringane var å drepe seg sjølve og store delar av publikum på konserten anten torsdag eller fredag.
Erklærte truskap til IS
18-åringen er den fjerde mistenkte i etterforskinga. Han skal høyre til kretsen til den 19 år gamle hovudmistenkte, som blei pågripen i byen Ternitz på onsdag.
19-åringen har røter i Nord-Makedonia og skal ha erklært truskap til ekstremistgruppa IS.
Det same gjorde den irakiske 18-åringen, så seint som 6. august.
I tillegg er ein 17 år gammal mistenkt pågripen. Ein 15-åring er også mistenkt.
Ifølge austerriksk politi har 19-åringen tilstått at han hadde planar om å køyre ein bil inn i folkemengda utanfor Ernst Happel Stadium, og mogleg bruk av kniv og machete.
– Han sa at han ville gjennomføre angrepet ved bruk av sprengstoff og stikkvåpen. Vi beslagla desse våpena, sa tryggings- og etterretningsdirektør Omar Haijawi-Pirchner på ein pressekonferanse på torsdag.
Politiet har beslaglagt kjemikaliar og teknisk utstyr i bustaden som dei trur var der for å lage ei heimelaga bombe, skriv avisa Kronen Zeitung.
Større fare for islamsk terror i Europa
Den austerrikske utanriksministeren sa torsdag at terrortrugselen mot Europa er auka sidan krigen på Gazastripa braut ut.
Magnus Rastop ved Försvarshögskolan i Stockholm blir rekna som ein av dei framste terrorforskarane i Sverige.
Han seier til NRK at han har sett det same.
– Ei grein av IS kalla Khorasan-provinsen (IS-KP), med base hovudsakeleg i Afghanistan og Pakistan, har stått bak ei rekke ulike terrorforsøk -og åtak i Europa, ikkje minst i Sverige.
Han seier at IS-KP har ei interesse for såkalla «spektakulære åtak», altså åtak mot større mål som til dømes konsertar, OL og Eurovision.
Det var denne gruppa som tok på seg skulda for åtaket mot konserthuset Crocus i Moskva i mars, der 143 personar blei drepne.
Rastorp koplar det auka trugselnivået til krigen mellom Israel og Hamas som braut ut på Gazastripa i oktober i fjor.
– Krigen, og den humanitære katastrofen på Gazastripa, blir brukt av jihadistiske krefter som ei kjelde til mobilisering.
At krigen tilsynelatande splittar verda i to – Vesten og Israel på éi side, og Palestina og dei muslimske landa på ei anna – er nyttig for radikale islamske krefter som vil skade europeiske land, meiner Rastorp.
Avlyste konsertar
Swift skulle etter planen halde tre konsertar i Wien på torsdag, fredag og laurdag denne veka.
Det var venta 65.000 menneske til kvar konsert.
Konsertane blei avlyste som følge av terrortrugselen.
– Av omsyn til alle sin tryggleik, har vi ikkje anna val enn å avlyse dei tre planlagde konsertane, sa arrangøren onsdag.
Neste veke skal Swift spele konsertar seks kveldar på rad i London.
Politiet i landet seier det er ingenting som tilseier at terrortrugslane i Austerrike vil ha noko å seie for dei kommande konsertane i London, melder Reuters.
Rastorp understreker at sjølv om det har vore ei rekke trugslar mot europeiske mål dei siste månadane, har dei aller fleste blitt avverga, slik også åtaket i Wien blei.
– Det viktigaste er at det internasjonale samarbeidet mellom etterretning- og tryggingstenestane står sterkt, seier han.
Interessert i utanriksstoff? Høyr utanriksredaksjonen sin podkast: