Hopp til innhold

18 omkom i eksplosjon i Iran

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

18 soldatar mista livet og fleire blei skadde i ein kraftig eksplosjon ved eit ammunisjonslager i vest-Iran tysdag.

Eksplosjonen skjedde på ein av militærbasane til den iranske Revolusjonsgarden i Lorestan, vest i Iran.

Ein talsperson for styresmaktene i landet seier til nyheitsbyrået AFP at 18 menneske omkom og 14 blei såra i ulukka. Ifølgje kjelda var alle dei omkomne soldatar i Revoulsjonsgarden.

Eksplosjonen skal ha skjedd som følgje av ein brann som spreidde seg til eit ammunisjonslager på basen.

Det er berre tre veker sidan eit åtak på ein militærparade i det nordvestlege Iran kravde fleire dødsoffer, og berre dagar etter at væpna menn drap politifolk i hovudstaden i Kurdistan-provinsen i Iran.

SISTE NYTT

Siste nytt