Hopp til innhold

Barneskule teken av jordras i Yunnan

Fem born er stadfesta døde og 13 er framleis sakna etter at ein barneskule i den fjellrike Yunnan-provinsen i Kina vart teken av ras i natt norsk tid.

Video frå opprydningsarbeidet.

VIDEO: Jordras ramma skule i Kina.

Det har regna kraftig i området den siste tida, og dette er truleg årsaka til jordraset. Elevane hadde akkurat kome til skulen då raset ramma klokka åtte lokal tid. Også to gardsbruk like ved vart tekne av raset, og minst ein person der skal vere blant dei sakna.

Området vart ramma av fleire kraftige jordskjelv i september , som også førde til at 81 menneske miste livet, i tillegg til store materielle øydeleggingar. Over 200.000 menneske måtte flytte frå heimane sine.

Elevane skulle eigentleg ha fri denne veka i samband med at Kina feira nasjonaldagen sin sist måndag, men skulen var open for å ta igjen noko av undervisninga som gjekk tapt etter jordskjelva.

LES OGSÅ: Skolebarn tatt av jordras i Kina

Tryggleiken til skuleborn er eit heitt debattema i Kina, etter at fleire tusen skuleelevar omkom i eit kraftig jordskjelv i Sichuan-provinsen i 2008. Mange skular kollapsa i skjelvet. I alt 80.000 menneske omkom i dette skjelvet.

LES OGSÅ: Her rammet jordskjelvet hardest

LES OGSÅ: By mistet tre av fire innbyggere

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt