Hopp til innhold

18- åring knivdrepen i handlegate

London-politiet har arrestert 10 personar etter at ein 18 år gammal gut vart knivstukken og drepen i ei travel handlegate i byen i dag.

Politiet stengde av Oxford Street etter knivstikkinga.

Politiet stengde av Oxford Street etter det brutale drapet. 10 personar skal vere arresterte.

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Fleire personar er pågripne etter knivstikkinga.

Fleire personar er pågripne etter knivstikkinga, og politiet har sperra av delar av Oxford Street.

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Andre juledag er den travlaste handledagen i Oxford Street i London. Midt i mengda av familiar på julesal vart 18-åringen drepen like ved undergrunnsstasjonen Bond Street.

Politiet kjenner ikkje noko motiv for ugjerninga.

Politiet stengde av store delar av Oxford Street etter knivstikkinga. Trass i at T-banen i London var ramma av streik i dag, så var det likevel svært mange menneske ute og handla i dag.

Dei store varehusa i Oxford Street er sjølve senteret for andre juledagshandelen i den britiske hovudstaden, med julesalet på Harrods som det mest vidgjetne.

SISTE NYTT

Siste nytt