17 personar dømde til livstid for kuppforsøk

Dei 17 tyrkarane fekk til saman 141 livstidsdommar for kuppforsøket i 2016, skriv det statlege nyheitsbyrået Anadolu.

Stridsvogn Tyrkia

Folk klatra på stridsvognene etter oppmoding om å demonstrere mot kuppforsøket.

Foto: TUMAY BERKIN / Reuters

Nyheitsbyrået skriv at dei er dømde for drap på 139 menneske, for å ha krenka grunnlova og for å ha forsøkt å drepe president Recep Tayyip Erdogan.

Kuppforsøket som starta den 15 juli 2016 kosta kring 250 menneskeliv, og fleire tusen menneske frå blant anna militæret, rettsvesenet, pressa, skulesystemet og andre i det offentlege er blitt arresterte dei siste to åra, mistenkte for å ha noko med kuppforsøket å gjere.

I tillegg har svært mange blitt sparka frå jobbane sine etter mistanke om band til dei som stod bak forsøket.

Jagarfly i lufta og stridsvogner på bakken

Dei første meldingane om at noko var i ferd med å skje byrja å kome på kvelden fredag den 15 juli 2016. Det vart meldt at bruer var sperra av, og at jagarfly var observerte i hovudstaden Ankara.

Det vart også stridsvogner i gatene i Istanbul og Ankara.

I ei melding frå militæret gjorde det klart at det no hadde tatt makta i landet, og det vart sagt at det var innført portforbod og unntakstilstand i landet.

Kuppforsøk Tyrkia

Tilhengjarar av president Erdogan demonstrerte mot kuppforsøket.

Foto: Aris Messinis / AFP

Seinare den natta annonserte president Erdogan at dei ville slå tilbake mot kuppet. Han oppmoda folket til å demonstrere i gatene. Etter harde kampar, annonserte Erdogan dagen etter at kuppforsøket var mislukka.

Skuldar på Fethullah Gülen

Det gjekk ikkje lang tid etter dei første meldingane om kupp i Tyrkia, før støttespelarane til president Erdogan gjekk ut og la skulda på eksilleiaren Fethullah Gülen.

Gülen er leiar for den omstridde Hizmet-rørsla, som han styrer frå basen sin i Pennsylvania i USA. I starten av Erdogan si politiske karriere var Gülen ein av dei sterkaste støttespelarane hans. Gülen har nekta for å ha noko med kuppforsøket å gjere.

Sent på kvelden 15. juli startet det som viste seg å være et kuppforsøk mot tyrkiske myndigheter. Her får du en oversikt over hendelsesforløpet.

Seint på kvelden 15. juli starta det som viste seg å vere eit kuppforsøk mot tyrkiske styresmakter.

SISTE NYTT

Siste nytt