NRK Meny
Normal

Blodig fangeflukt - 17 drepne i fengsel i Mexico

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

17 menneske vart drepne då vakter prøvde å hindre ei masseflukt frå eit fengsel i Durango i Mexico i natt norsk tid.

11 av dei drepne var innsette, medan dei seks andre var vakter, opplyser fengselsstyresmaktene i byen Gomez Palacio i delstaten Durango. Dei innsette prøvde å klatre over ein mur på baksida av fengselet då vaktene skaut i lufta for å stanse dei.

Skotveksling

Då svarte innsette med å skyte mot vakttårnet og mot vaktene, og det oppstod ei kraftig skotveksling. Soldatar frå ein base like ved kringsette fengselet kort tid etter fluktforsøket, og var med på å stanse fluktforsøket, opplyser fengselsleiinga, og legg til at dei no har full kontroll over situasjonen.

Det er ikkje uvanleg med masseflukt frå meksikanske fengsel. I september i år greidde 120 innsette å flykte frå eit fengsel i byen Piedras Negras, like ved grensa til Texas i USA. Eagle Pass er den nærmaste byen på Texas-sida av grensa.

Mektige narkokartell

Dei siste to åra har i alt 521 innsette flykta i 14 ulike rømmingar. I same perioden har det vore 352 drap i meksikanske fengsel, viser tal frå ein internasjonal menneskerettsorganisasjon. Det er i alt 419 fengsel i Mexico.

Meksikanske styresmakter meiner det er dei mektige narkotikakartella som organiserer fluktforsøka frå fengsla i landet. I delstaten Durango er det narkokartella Sinaloa og Zetas som kjemper om makta

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt