Sjefen for den lokale provinsadministrasjonen, Ghulam Maahaiuddin, opplyser til nyheitsbyrået Reuters sa at ekspslosjonen skjedde i dag tidleg lokal tid i Nad Ali-distriktet, vest for provinshovudstaden Lashkargah. Han trur Taliban-geriljaen er ansvarleg for eksplosjonen.
Ghulam Maahaiuddin seier at det er mistanke om at bomba gjekk av ved eit uhelle inne i bussen, og at ho eigentleg var tenkt detonert under den planlagde sjølvstendefesten i LashKargah komande veke.
Blant dei drepne var det åtte vaksne menn, seks born og ei kvinne.
Det funadmentalistiske Taliban-regimet hadde makta i Afghanistan fram til hausten 2001, då det vart styrta blant anna med hjelp frå amerikanske styrkar. No opererer Taliban som ei geriljarørsle, som stadig vekk rettar angrep mot regjeringsstyrkane og amerikanske og andre utlandske soldatar i landet.