Hopp til innhold

17 drepne i bombeangrep i Pakistan

Minst 17 personar er drepne i eit bombeangrep i den nordvestlege byen Kohat i Pakistan, opplyser politiet.

Video Bombeangrep i Pakistan

TV-bilete frå marknadsplassen der sjølvmordsbombaren slo til.

Folk samlar seg rundt den råka bussen

Folk samlar seg rundt den råka bussen etter bombeangrepet.

Foto: Zulfiqar Shah / Ap

Eksplosjonen skjedde på ein marknadsplass. Politiet opplyser til nyheitsbyrået AFP at dette handlar om eit sjølvmordsangrep og at 17 personar vart drepne i angrepet.

– Det var eit sjølvmordsangrep. Dødstalet har stige til 17, seier politisjefen Dilawar Bangash til AFP.

TV-bilete viser to øydelagde bussar parkerte på ein terminal ved marknaden. Politiet seier det først såg ut som at bomba var plassert i ein av bussane, men stadfestar no at det var ein sjølvmordsbombar som stod bak.

Seks kilo eksplosivar

Det er ikkje klart kven som var mål for bomba.

– Både sunni- og sjiamuslimar vart råka, seier Bangash.

Ifølgje nyheitsbyrået Reuters skal minst 14 personar vere drepne og 16 skadde. Dei siterer Bangash på at det var ein ung mann som stod bak.

– Ein mann mellom 18 og 20 år, som hadde med seg seks kilo eksplosivar, utførte angrepet, seier han.

– Slo til mot full buss

Augevitne fortel at sjølvmordsbombaren slo til mot ein buss som var på veg til å reise.

– Bussen, som var fylt med passasjerar, skulle til å reise då ein tenåring kom opp til døra på bussen og sprengde seg, seier Inayat Orakzai til Reuters.

Pakistansk Taliban tok i går på seg ansvaret for to sjølvmordsaksjonar som tok livet at minst 40 personar .

Rundt 4000 menneske er drepne i sjølvmordsangrep eller bombeaksjonar i Pakistan sidan 2007. Nettverk knytte til Taliban og Al Qaida har fått skulda for angrepa.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt