Hopp til innhold

17 drap og juks pregar valet i Bangladesh

Ein stengd TV-kanal, minst 17 drepne og rapportar om valjuks. Det er nokre stikkord om valdagen i Bangladesh. Det går mot siger for sittande statsminister, men opposisjonen krev no nyval.

BANGLADESH-VOTE

104 millionar veljarar kunne i dag stemme i valet i Bangladesh. Litt uro har det vore i eit av landa i verda med flest innbyggjarar.

Foto: MUNIR UZ ZAMAN / AFP

Dei første resultata etter valet i Bangladesh viser siger til sittande statsminister Sheikh Hasina, men opposisjonen har sagt at dei meiner valet bør annullerast og at det bør bli nyval.

104 millionar veljarar kunne gje si stemme i valet på ei ny nasjonalforsamling i Bangladesh.

Gjennom dagen har påstandar om valjuks har lagt mørke skuggar over valet.

I tillegg har styresmaktene gjort fleire omstridde tiltak, slik som å stenge 3G- og 4G-nettet, samt at TV-kanalen Jamuna TV plutseleg er fjerna frå landets kabel-TV-tilbod. Privateigde Jamuna er kjent for å vere meir uavhengig enn ei statlege kanalane.

Opposisjonelle er arrestert

Nyheitene frå Bangladesh på valdagen har i stor grad handla om valdsbruk frå politi i seks ulike valdistrikt, der dei har støtt saman med tilhengjarar av dei ulike sidene av politikken. Minst 17 personar skal ifølgje nyheitsbyrået AFP vere drepne i samanstøytane, men politiet i Bangladesh har ikkje kommentert dette.

I tillegg er sentrale personar i opposisjonen arresterte av politiet, deriblant seks kandidatar som stiller til val til parlamentet.

– Hasinas bruk av statsmaskineriet til å underkue opposisjonen sikrar ho valsigeren, seier Sasha Riser-Kositsky til nyheitsbyrået Ap. Ho er analytikar for den USA-baserte «Eurasia group».

To kvinner kjempar om makta

BANGLADESH-ELECTION/

Sheikh Hasina kasta i dag si stemme, og håper å vere statsminister i Bangladesh også i 2019.

Foto: HANDOUT / Reuters

Hasina er Sheikh Hasina, den 71 år gamle kvinna som styrer i Bangladesh. Hennar største konkurrent er tidlegare statsminister Khaleda Zia, ei anna kvinne som sit i fengsel for korrupsjon, og som difor ikkje kan bli statsminister i Bangladesh, ifølgje ein dom frå ein domstol i landet.

Zia er likevel ein del av valet fordi partiet hennar har danna ein valallianse som vert leia av Kamal Hossein, ein advokat med bakgrunn frå Hasinas parti.

Begge dei to kvinnene har vore inn og ut av fengsel i fleire tiår, og kjempar no på ny om makta i det landet i verda der folk bur tettast, om ein ser bort frå land med ein storleik på under 800 kvadratkilometer.

BANGLADESH-COURT/OPPOSITION

Khaleda Zia sit i fengsel for korrupsjon og fekk ikkje stille til val. Men ho samarbeider med ein annan i opposisjonen, og er i realiteten Sheikh sin viktigaste utfordrar.

Foto: Andrew Biraj / Reuters

Uroleg også førre val

I dag kom det altså meldingar om valjuks frå fleire delar av Bangladesh, og landets valkommisjon undersøker no påstandane.

– Om nokre av våre kjelder stadfestar dette vil me gjennomføre dei tiltaka regelboka tilseier, seier ein talsperson for valkommisjonen til nyheitsbyrået Reuters.

Også ved førre val i Bangladesh var det ein del uro. I 2014 boikotta Zia og hennar parti valet. Val oppslutninga var på knappe 22 prosent, og 22 menneske vart drepne i uro etter valet. Hasina vann den gongen, og ho har no leia landet i ti år.

SISTE NYTT

Siste nytt