Øydeleggingane i kjøpesenteret var enorme. (Foto: Marja Aino, Reuters-Scanpix)
Den 17 år gamle skuleeleven er ein av dei to som vart tekne inn til avhøyr av politiet i går. Dei to skal ha hatt kontakt med 19-åringen som politiet trur forårsaka eksplosjonen på kjøpesenteret like utanfor Helsingfors. Politiet har tidlegare sagt at dei to ikkje var mistenkte i saka.
Konstruksjon
Det er lite truleg at nokon av dei to ungdomane har hjelpt til med å utføre bombeaksjonen, men politiet trur at dei kan ha hjelpt 19-åringen med konstruksjonen av bomba.
To andre personar vart henta inn til avhøyr i dag. Politiet er sparsame med opplysningar i saka, og vil ikkje seie anna om dei to enn at dei er vaksne og frå det sørlege Finland.
Finsk politi seier også at dei ikkje reknar med nye arrestasjonar i saka.
Det er kjent at 19-åringen som politiet trur står bak bombeudåden deltok i fleire prategrupper på internett der sprengstoff og bomber var tema.
Også dei to vaksne skal ha diskutert heimelagde bomber på ei eiga internettside. Denne sida har vore stengt sidan eksplosjonen sist fredag.
Tidlegare i dag sa overkommissær Tero Hapala at alt tyder på at 19-åringen handla på eiga hand. - Han var målretta, og planen hans var å detonere bomba i kjøpesenteret Myyrmanni, sa Hapala blant anna.
Ukjent motiv
Det er framleis uklart kva motiv 19-åringen kan ha hatt for å utløyse bomba på kjøpesenteret. Finske media har dei siste dagane servert mange spekulasjonar, men politiet er forsiktige med kva dei seier.
Det finske kringkastingsselskapet YLE melde i dag at 19-åringen lenge har hatt psykiske problem. Andre har meldt at det for kort tid sidan vart slutt mellom han og kjærasten, og at det kan ha vore ei utløysande årsak.
Andre igjen spekulerer i om bomba rett og slett gjekk av ved eit uhell, og at det ikkje var meininga at han sjølv skulle bli drepen i eksplosjonen.
Berre nokre dagar før eksplosjonen sende han denne meldinga på ei snakkeside på internett: "Eg har aldri opplevd ei stor ulukke, men ein gong drøymde eg at politiet kom til åstaden for ein eksplosjon. Men heldigvis, då var eg alt flygande på veg til andre verder".
Politiet har ikkje kome nærare eit motiv for bombeattentatet sist fredag. (Scanpix-foto: Martti Kainulainen)
Kjøpesenter
Det er rekna med at rundt 2000 menneske oppheldt seg i kjøpesenteret Myyramaeki i Vantaa, 12 kilometer nord for Helsingfors, då bomba gjekk av fredagskvelden. Rundt 100 menneske vart skadde, og av desse ligg framleis 30 personar på sjukehus. Ingen av desse skal vere livstruande skadd, blir det opplyst frå Universitetssjukehuset i Helsingfors.
Bombeeksplosjonen sist fredag sende sjokkbølgjer gjennom det finske samfunnet. I dag har det vore nasjonal sørgjedag i Finland, og over heile landet vaia det blåkvite flagget på halv stang.