Hopp til innhold

168 millionar er offer for barnearbeid

Meir enn kvart tiande barn i verda blir frårøva barndomen sin fordi dei må jobba. Obligatorisk og god skulegang står sentralt når FN i dag markerer Verdas dag mot barnearbeid.

FN markerer verdas dag mot barnearbeid den 12. juni

FN sin arbeidsorganisasjon ILO har i 2015 fokus på gratis, obligatorisk og kvalitetsutdanning for alle barn.

Foto: Valeria Morra (plakat) / ILO

Sjølv om talet er redusert med ein tredel på 15 år, er framleis 168 millionar barn offer for barnearbeid, syner tal frå FN sin internasjonale arbeidsorganisasjon ILO.

Skulegang er ifølgje ILO nøkkelen i kampen mot barnearbeid. Prioriterte mål for 2015 er difor gratis, obligatorisk utdanning av god kvalitet for alle barn og tiltak for å nå ut til dei som i dag er fanga i barnearbeid.

– Barn som tidleg begynner å jobba og fell frå i skulen er mindre privilegerte seinare i livet fordi dei manglar utdanning og basiskunnskapar, seier seniorrådgjevar i ILO, Patrick Quinn, til Reuters.

Nobelvinnar etterlyser internasjonal innsats

 Kailash Satyarthi gjesta ILO-møte på Verdas dag mot barnearbeid

I fjor fekk indiske Kailash Satyarthi fredsprisen for sin fredelege kamp mot grov utnytting av barn for økonomisk gevinst. I dag talte han på eit ILO-møte i Geneve i høve Verdas dag mot barnearbeid.

Foto: Martial Trezzini / Ap

Det var ILO som i 2002 gjorde 12. juni til Verdas dag mot barnearbeid.

Kailash Satyarthi, som i 2014 vann Nobels fredspris for sin kamp mot grov økonomisk utnytting av barn, var fredag til stades på ILO sitt toppmøte i Geneve.

– I 35 år har eg understreka at å utrydda barnearbeid og kvalitetsutdanning er to sider av same mynt. Me kan ikkje oppnå det eine utan det andre, sa Satyarthi.

Han påpeika med uro at det internasjonale samfunnet har gitt mindre pengar til utdanningsføremål i løpet av dei siste åra, delvis på grunn av finanskrisa og delvis på grunn av misoppfatningar blant donorar om at det er gjort store framsteg relatert til skulegang i utviklingsland.

Ifølgje fredsprisvinnaren går berre ein prosent av det totale humanitære bistandsbudsjettet til utdanning. Han estimerer at det årleg trengst ytterlegare 22 milliardar dollar, eller cirka 170 milliardar kroner, for å gje alle barn i verda tilgang til grunnskule.

Verst i Asia og sørlege Afrika

Eit lite barn på jobb på ein ballongfabrikk i Bangladesh

Eit lite barn på jobb på ein ballongfabrikk i Bangladesh.

Foto: MUNIR UZ ZAMAN / Afp

Eit stort fleirtal av barnearbeidarane er mellom fem og elleve år og bur i Asia eller i Afrika sør for Sahara.

Mange afrikanske barn får muskel- og skjelettskadar og lungesjukdomar som følgje av fysisk krevjande og helseskadeleg arbeid i gruver.

I Asia er det vanleg at små barn jobbar i keramikk- og glasfabrikkar med lite lys og dårleg luft. Ofte må dei frakta glas som kjem rett frå smelteomnar som held opp til 1800 varmegrader.

SISTE NYTT

Siste nytt