NRK Meny
Normal

16 omkom i konsertulukke

16 menneske mista liva under ein utandørs konsert i utkanten av Seoul i Sør-Korea. Ulukka skjedde då ei ventilasjonsluke som konsertgåarane stod på kollapsa.

South Korea Concert Accident

Minst 14 menneske skal ha mista liva då denne ventilasjonsluka kollapsa.

Foto: Shin Young-geun / Ap

South Korea Concert Accident

Rundt 25 menneske falt 20 meter ned då dette ventilasjonsgitteret kollapsa.

Foto: Ap

Det er nyheitsbyrået Yonhap som melder om ulukka som skjedde under ein konsert i Seongam, utanfor Seoul. Det var den sørkoreanske jentegruppa 4minute som stod på scena. Fleire menneske skal vere skadde i den same ulukka.

Rundt 25 personar skal ha falt 20 meter ned i ventilasjonssjakta, og landa i eit underjordisk parkeringshus. Dei fleste av dei omkomne og skadde skal vere studentar, melder TV-kanalen YTN.

– Dei stod på ventilasjonssjakta for å få betre utsikt til konserten då gitteret kollapsa av vekta deira, seier ein talsmann for det lokale brannvesenet.

Konsertarrangørane skal fleire gonger ha bedt folka som stod på ventilasjonsgittera om å fjerne seg, ifølgje YTN news.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt