Hopp til innhold

16 drepne i angrep på sjukehus

16 menneske vart drepne i eit granatangrep mot eit sjukehus på Sri Lanka.

Det var eit provisorisk sjukehus i krigsområdet nord på Sri Lanka som vart ramma av granatar i går kveld.

Den internasjonale Røde Kors-komiteen opplyser at 16 av pasientane vart drepne i angrepet.

Det er uklart kven som stod bak angrepet mot sjukehuset, men det rasar harde kampar mellom srilankiske regjeringsstyrkar og LTTE-geriljaen i området.

Sjefen for Røde Kors-delegasjonen i hovudstaden Sri Lanka, Paul Castella, reagerer sterkt på det som har skjedd.

- Vi er sjokkerte over at pasientane ved sjukehuset ikkje får det vernet dei har krav på. Vi ber på nytt begge partane i borgarkrigen om å følgje internasjonal lov, om å spare såra og sjuke, medisinsk personell og bygningar der desse oppheld seg, seier han.