Hopp til innhold

150 drepne i eksplosjon i Jemen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Minst 150 personar har mista livet og 90 er såra i ein eksplosjon på ein ammunisjonsfabrikk sør i Jemen.

Fleire titals personar skal ha vore inne på fabrikken då den tragiske ulukka skjedde.

Ifølgje den arabiske fjernsynsstasjonen Al Arabiya, er minst 150 menneske døde og 90 skadde. Det er både born, kvinner og menn blant dei omkomne.

Legar som er på staden seier til Reuters at dødstalet truleg vil stiga ytterlegare etterkvart som redningsmannskapet får oversikt over situasjonen.

– Ulukka er ein total katastrofe. Det er så mange brende lik her. Eg greier ikkje eingong å skildra situasjonen, seier ein dokter ved eit offentleg sjukehus.

– Sigarett kan ha utløyst brann

Produksjonsanlegget ligg i nærleiken av den vesle byen Jaar, sør i Jemen.

Årsaka til eksplosjonen er førebels ukjend, men augevitne seier til Reuters at ein sigarett kan ha utløyst ein brann i lokala.

Ei kjelde seier til AFP at terrornettverket al-Qaida har kontroll over byen, som ligg i Abyan-provinsen nær Adenbukta.

Plyndra av al-Qaida

Den dødelege eksplosjonen fann stad dagen etter at fabrikken blei plyndra av al-Qaida.

Rundt 30 væpna og maskerte menn stakk søndag frå staden med fleire kassar fulle av våpen.

Våpenfabrikken skal ha gått i lufta medan lokale innbyggjarar var jakt etter «ammunisjons-rester» etter plyndringa.

SISTE NYTT

Siste nytt