Hopp til innhold

150 arresterte i protestar mot ny fransk politilov

Nesten 150 demonstrantar vart arresterte i Paris då titusenvis demonstrerte mot eit omstridd lovforslag som vil gjere det ulovleg å ta bilete av politifolk.

Opprørspoliti mot demonstranter i Paris 13.12.2020

Opprørspolitiet gjekk hardt til verks mot demonstrantar som ikkje ville fjerne seg.

Foto: Lewis Joly / AP/NTB

Det er den tredje helga på rad med protestar mot den nye sikkerheitslova.

Styresmaktene hadde på førehand budd seg på moglege opptøyar og samanstøytar, etter at dei to førre protesthelgane enda opp i uro.

Men det gjekk ganske roleg føre seg då tusenvis av demonstrantar – 10.000 ifølgje arrangørane – vart tett følgd av opprørspoliti medan dei marsjerte gjennom Paris. Tidlegare helger har politi brukt vasskanonar og tåregass mot demonstrantane.

Demonstranter i Paris 12.12.2020

Rundt 10.000 gjekk i toget i Paris.

Foto: GABRIELLE CEZARD / AFP/NTB

Protestar i mange byar

Dei som står bak protestane, hevdar at 60.000 møtte opp laurdag. Det franske innanriksdepartementet seier at 26.000 deltok.

Det var òg protestar i Lyon, Montpellier, Strasbourg, Lille, Bordeaux, Toulouse og Marseille.

Innanriksminister Gérald Darmanin tvitra at «fleire hundre bøller» hadde kome til Paris for å utøve vald, og at 142 vart arresterte.

Protest i Bordeaux mot ny politilov i Frankrike

I Bordeaux var det og protestar laurdag. «Politi-diktatur» lyder teksten på veggen.

Foto: THIBAUD MORITZ / AFP/NTB

Skal verne politifolk

Lovforslaget som fekk mange til å reagere, kunne gjere det ulovleg å dele bilete av politifolk i teneste. Framlegget set forbod mot å dele bilete eller video av politifolk med formål å skade deira «fysiske eller psykologiske integritet».

Hensikta er å verne dei frå å verte hengde ut med namn og bilete på mellom anna sosiale medium.

Samtidig som forslaget kom, vekte ein video av politifolk som slår ein svart mann, sterke reaksjonar i landet. Dei fire politibetjentane vart sidan sikta for å ha banka han opp, tilsynelatande uprovosert.

Portest mot politivald i Paris 12.12.2020

Mange av dei som protesterte i Paris fokuserte på politivald.

Foto: GABRIELLE CEZARD / AFP/NTB

Kontroversiell lov

Regjeringa har sidan vedteke å revidere paragrafen. Aktivistane krev at heile paragrafen vert skrota.

Forslaget inneheld ei rekkje andre kontroversielle tiltak, som til dømes utvida fullmakt til politiet for å overvake demonstrasjonar og bruk av dronar til å gjere jobben.

Borgarrettsgrupper og journalistar er bekymra for at lova kan skade pressefridomen og gjere det vanskeleg å avdekkje politivald.

Demonstrasjon i Bordeaux i Franrike 12.12.2020

Demonstrantane i Bordeaux viste plakatar som åtvara mot at fridomen til borgarane vert innskrenka med den nye lova.

Foto: THIBAUD MORITZ / AFP/NTB

SISTE NYTT

Siste nytt