NRK Meny
Normal

15.000 på flukt frå Boko Haram

Minst 15.000 menneske er på flukt frå byen Damboa i det nordlege Nigeria etter at den islamistiske terrorgruppa Boko Haram erobra byen i helga.

NIGERIA-GIRLS/ Kidnapped schoolgirls are seen at an unknown location in this still image taken from an undated video released by Boko Haram

Over 270 kristne jenter vart bortførte av Boko Haram tidlegare i år.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Det er førebels uklart kor mange som vart drepne i angrepet, fordi Boko Haram-krigarane framleis har kontroll over byen. Den nigerianske regjeringa seier dei har sendt soldatar til området for å jage dei ut av byen, men folk i området har ikkje sett noko til dei.

Tvert i mot kan dei fortelje at tryggingsstyrkane flykta frå Damboa tidlegare denne månaden. Dei sivile i byen var forsvarslause då Boko Haram gjekk til angrep sist torsdag. Angrepet heldt fram gjennom heile helga, og det er truleg mange drepne og såra.

Heiste flagget

Abubakar Shekau

Abubakar Shekau blir rekna som øvste leiaren i Boko Haram.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Augevitne fortel at Boko Haram har heist flagget sitt på ein offentleg bygning i byen, noko dei ikkje har for vane å gjere.

Ein talsmann for dei væpna styrkane i Nigeria, Chris Olukolade, seier at det ikkje blir snakk om at ei terrorgruppe skal få etablere seg i dette området.

– Tryggingsstyrkane er i ferd med å organisere seg. Vi kjem til å ta kontroll over området igjen i løpet av kort tid, seier han til nyheitsbyrået AFP.

Vil jage ut kristne

Over 2000 menneske er drepne av Boko Haram i det nordlege Nigeria det siste året. Målet til organisasjonen er å drive alle kristne ut av det nordlege Nigeria og etablere ein islamsk stat basert på ei streng tolking av sharialovene.

Boko Haram, som betyr «vestleg utdanning er synd», er kjende for å vere fullstendig nådelause i angrepa sine på forsvarslause menneske. Tidlegare i år bortførte organisasjonen over 270 jenter frå ein kristen skule. Berre nokre få av dei har greidd å flykte, og det er uklart kva som har skjedd med resten.

Boko Haram har posta ein video på Internett med bilete av ei stor gruppe av jentene. Her blir det hevda at alle saman har konvertert til islam, og at mange av dei seinare har gifta seg.

LES OGSÅ: Står på samme liste som Joseph Kony og Boko Haram-lederen

LES OGSÅ: – Boko Haram-bakmann arrestert

Al Shabaab

Boko Haram i Nigeria er ei av fleire ytterleggåande islamistiske grupperingar som har terrorisert omgjevnadene sine og vist evne og vilje til brutalitet og råskap ein sjeldan ser.

I Somalia har Al Shabaab ein ideologi og ei framferd som minner om Boko Haram. Gruppa står bak fleire alvorlege angrep også i nabolandet Kenya, blant anna mot kjøpesenteret Westgate i fjor.

Seinast sist helg vart minst fire menneske drepne i eit angrep i turistbyen Mombasa i Kenya, og alle spor peikar mot Al Shabaab.

Mideast Iraq Abu Bakr al-Baghdadi

Abu Bakr al-Baghdadi er øvste leiar i ISIL.

Foto: Uncredited / Ap

Felles for begge desse gruppene er at dei har eit slags band til Al Qaida-nettverket.

LES OGSÅ: Mange drept i angrep mot landsby i Kenya

LES OGSÅ: Al-Shabaab: – Ikke kom til Kenya

Framgang i Midtausten

Ei gruppe som deler religion og ideologi med desse to afrikanske organisasjonane er ISIL, som opererer i hovudsak i Syria og Irak. ISIL har nyleg teke kontroll over store område i Irak, og dei er også ein viktig maktfaktor i det borgarkrigsherja Syria.

Denne gruppa er også kjend for den omfattande bruken av vald.

Sist helg greidde dei ved hjelp av valdsbruk og truslar å jage dei siste kristne ut av den nordirakiske byen Mosul, ein by der kristne har ei over 2000 år lang historie.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt