Hopp til innhold

15 opprørarar drepne i Helmand

Minst 15 opprørarar er drepne av NATO-soldatar i Helmand-provinsen sør i Afghanistan, opplyser ein talsmann for ISAF-styrken.

Helikopter blir stadig meir brukt i kamphandlingar i Afghanistan.

ISAF-styrken i Afghanistan har auka bruken av fly og helikopter i angrepa mot opprørarane.

Foto: Tomas Munita / Ap

Ei gruppe tungt væpna opprørarar fordelte på tre bilar og seks motorsyklar nærma seg ei gruppe afghanske soldatar og soldatar frå NATO-styrken i stor fart. Fire opprørarar vart drepne då NATO-styrken gjekk til motangrep.

LES OGSÅ: 600 utenlandske soldater drept i Afghanistan i år

Luftstøtte

Den internasjonale styrken bad om luftstøtte, og elleve opprørarar vart drepne då fly og helikopter gjekk til angrep på køyretøya deira.

Talsmann for NATO-styrken, den amerikanske kapteinen Ryan Donald, seier at han har høyrt snakk om at også sivile skal vere drepne i angrepa, men at dette ikkje stemmer med dei rapportane han har fått om det som skjedde.

Donald opplyser at seks opprørarar vart pågripne av ISAF-styrken under kamphandlingane.

Ein lokal tenestemann seier til nyheitsbyrået Reuters at så mange som 25 opprørarar kan ha mist livet i luftangrepet, blant dei to leiarar i Taliban. Han seier at han ikkje kjenner til at det er sivile blant dei drepne.

LES OGSÅ: Slik er Irak-krigen sett fra bakken

LES OGSÅ: – Det handler om å vise sannheten

Sivile dødsfall

ISAF-styrken har trappa opp bruk av fly og helikopter i kampen mot Taliban og andre opprørsgrupper. Mange av angrepa er retta mot midtskiktet av leiarar i Taliban, men det har i fleire tilfelle også vore sivile dødsfall.

Over 600 soldatar frå den internasjonale styrken er drepne i Afghanistan hittil i år, i det som er det blodigaste året sidan krigens tarta i 2001. I heile miste 521 utanlandske soldatar livet i Afghanistan.

LES OGSÅ: – Karzai er én av to kjente afghanere

LES OGSÅ: 22 sivile drept i Afghanistan

SISTE NYTT

Siste nytt