140 døde i hetebølgje

Nærare 140 menneske har mista livet i India og Pakistan.

Pakistanske ungdommar kjøler seg ned i ein kanal i Lahore.

Pakistanske ungdommar kjøler seg ned i ein kanal i Lahore.

Foto: Arif Ali / AFP

Temperaturane har vore oppe i 52 varmegrader, og folk har døydd av heteslag eller andre sjukdommar knytta til den ekstreme varmen.

Tusenvis av menneske har reist frå heimane sine på slettelandet i Punjab til svalare byar i fjella nord i landet.

Stadig varmare somrar

I fjor omkom meir enn 80 menneske i ei tilsvarande hetebølgje i Pakistan.

Meteorologar seier at somrene vert stadig varmare i India.

Inderane førebur seg på fortsatt hete fram til slutten av juni. Då fell vanlegvis temperaturen når monsunregnet kjem.

 

 

Indiske arbeidarar søkjer skuggen under lastebilen.

Indiske arbeidarar søkjer skuggen under lastebilen, New Dehli.

Foto: RAVEENDRAN / AFP

 

SISTE NYTT

Siste nytt