NRK Meny
Normal

Gjekk frå klasserom til klasserom og knivstakk medstudentar

Minst 14 menneske er såra etter det som blir kalla ei masseknivstikking på eit universitet i Texas i dag. Ein 21 år gammal student er arrestert.

Eit offer blir teken til ambulansehelikopteret i Cypress i Texas.

Ein av dei såra blir teken om bord i ambulansehelikopteret i Cypress i Texas.

Foto: Johnny Hanson / Ap

Angrepet skjedde på CyFair-avdelinga av Lone Star College i Cypress, 40 kilometer nord for storbyen Houston. 12 av dei såra skal vere tekne til sjukehus, fire av dei med helikopter. Tilstanden er kritisk for to av dei såra, opplyser sjukehuset.

Kaos ved universitet i Texas etter knivstikking

Politiet kom raskt til åstaden for knivstikkinga på Lone Star College i Cypress i Texas.

Foto: HANDOUT / Reuters

Tilstanden er alvorleg for to andre.

Frå klasserom til klasserom

Polititalsmann Thomas Gililand seier at dei har arrestert ein mann, mistenkt for knivstikkinga. Han fortel at mannen gjekk frå klasserom til klasserom og knivstakk tilfeldige studentar. Det skal vere snakk om ein 21 år gammal student ved universitetet.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om kva type våpen som er brukt. Nokre seier gjerningsmannen brukte ein slags penn, medan andre meiner det var snakk om ein kniv.

Det var ein student som overmanna gjerningsmannen før politiet kom til og tok hand om han.

Politiet fekk melding om det som skjedde klokka 11.20 lokal tid, klokka 18.20 norsk tid.

Video frå knidrama på Lone Star College i Cypress i Texas.

VIDEO: - Eg bad til Gud om hjelp

Berre ein mistenkt

Dei første meldingane gjekk på at det var to væpna menn inne på universitetsområdet, men politiet seier no at det berre var ein person.

Dette skjer tre månader etter eit skytedrama på ei anna avdeling av Lone Star College, der tre menneske vart såra.

Studenten Teaundrae Perryman seier til nyheitsbyrået AP seier at ho var på ei førelesing då ho fekk ei tekstmelding frå ei venninne om det som skjedde. Ho gjekk ut, og då såg ho at ei ung kvinne vart boren inn i ein ambulanse. Ho fortel at politiet kom til staden svært raskt.

– Eg vart uroa, men ikkje redd fordi det var mange rundt meg, seier ho.

Helikopter over Lone Star College i Cypress i Texas.

Eit helikopter krinsar over hovudbygningen på universitetet etter knivstikkinga.

Foto: Melissa Phillip / Ap

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt