Hopp til innhold

14 omkom i flystyrt i Honduras

Eit fly med 20 menneske om bord har styrta i Honduras i Mellom-Amerika. Minst 14 har mist livet, opplyser det honduranske Røde Kors.

Redningsarbeidarar leiter etter overlevande i flyvraket.

Redningsarbeidarar i aksjon ved flyvraket i fjellområdet Las Mesitas.

Foto: ORLANDO SIERRA / Afp

HONDURAS/

Minst 14 menneske omkom i flyulukka i Honduras.

Foto: EDGARD GARRIDO / Reuters

Ulukka skjedde ikkje langt frå hovudstaden Tegucigalpa. Årsaka til styrten er ikkje kjend, men det skal ha vore dårleg ver i området.

Flyet, eit tomotors Let 410 frå Central Americas Airways, var på veg frå San Pedro Sula til Tegucigalpa då flykontrollen miste kontakten med flygarane.

Utanriksministeren i den honduranske regjeringa skulle ha vore med flyet, men han kom for seint til avgang. Også fleire andre samfunnstoppar hadde billett til denne avgangen, men av ulike årsaker kom dei for seint.

Men ein tidlegare regjeringsmedlem, Carlos Chain og fagforeningsleiaren Israel Salinas skal ha vore om bord på flyet.

Honduranske styresmakter opplyser at flyet styrta i eit fjellområdet kalla Las Mesitas, ikkje langt frå hovudstaden. I 1989 styrta eit passasjerfly i same området, og 131 menneske omkom

Det er tre amerikanske statsborgarar blant dei omkomne.

Eiin redningsarbeidar frå Røde Kors ved flyvraket.

Ein redningsarbeidar frå Røde Kors ved flyvraket.

Foto: ORLANDO SIERRA / Afp

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.