NRK Meny
Normal

14 kidnapparar drepne i Nigeria

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tryggingsstyrkar i Nigeria har storma skjulestaden til kidnapparane av ein tyrkisk statsborgar. 14 av gjerningsmennene blei drepne i aksjonen.

Gjerningsmennene blei skotne og drepne fredag, under ei skotveksling med tryggingsstyrkane i ein bandeleir i den oljerike staten Rivers fredag.

Det opplyser Ben Ugwuegbulam, talsmann for politiet, til nyheitsbyrået AFP. Han fortel at det var kidnapparane som først opna eld då dei såg politistyrkane komma mot dei.

– Seks av kidnapparane døydde momentant då tryggingsstyrkane skaut tilbake. Åtte andre døydde av skadane på veg til sjuehus.

Gjekk fri for løysepengar

Styrkane fann våpen, ammunisjon og pengar i leiren. Gjengmedlemmene var også skuldige i ei rekkje ran og åtak på tryggingsagentar i staten i løpet av dei siste månadene, ifølgje nigeriansk politi.

Bortføringa av den tyrkiske anleggsarbeidaren skjedde førre månad. Gisselet var sett fri før aksjonen fann stad, etter at kidnapparane hadde fått utbetalt løysepengar.

Ei rekkje utanlandske arbeidarar har vorte bortførde frå områda rundt Nigerdeltaet den siste tida.

Kidnappingane held fram, trass i at uroa har dempa seg dei siste månadene, som følgje av ein amnesti-avtale som blei inngått i 2009 med militante med olje-verksemda i området som målskive.

Nigerdeltaet er eit område med massive olje- og gassreservar. Samstundes er fattigdommen og forureininga svært høg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt