Hopp til innhold

14 innstengde i meksikansk gruve

14 gruvearbeidarar er innstengde, og frykta omkomne, i ei lita kolgruve i det nordlege Mexico, opplyser styresmaktene i landet.

Familiemedlemer utanfor gruva i Sabinas i Mexico.

Familiane til dei sakna gruvearbeidarane har samla seg utanfor gruva.

Foto: STRINGER/MEXICO / Reuters

Det er frykt for at dei 14 gruvearbeidarane har mist livet.

Den vesle gruva i Sabinas er ei av mange i dette området av av Mexico.

Foto: STRINGER/MEXICO / Reuters

Ein anonym tenestemann seier til nyheitsbyrået Reuters at det var ei oppsamling av giftig gass i eit område av gruve 50 meter under bakken der 14 arbeidarar oppheldt seg, som førde til ein eksplosjon. Han seier at dei ikkje veit korleis det har gått med dei 14.

Redningsarbeidarar har ikkje kunna teke seg inn i gruva i Sabinas på grunn av den giftige gassen. Gruva der ulukka skjedde er lita og primitiv, og er ei av mange av denne typen i dette fattige området av Mexico.

Ein 14 år gammal gut som arbeidde i gruva, greidde å kome seg ut etter eksplosjonen, men han miste den eine handa si i eksplosjonen.

Familiane til dei 14 sakna arbeidarane har samla seg utanfor gruva, der dei ventar på nyheiter om sine kjære.

Sabinas ligg i delstaten Coahuila, som grensar til Texas i USA.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Dødstallet stiger etter gruveulykke i Pakistan

LES OGSÅ: Usikker fremtid for chilenske gruvearbeidere

LES OGSÅ: Gruvearbeidere trolig døde

SISTE NYTT

Siste nytt