NRK Meny
Normal

14 drept i angrep i Afghanistan

Tre NATO-soldatar var blant dei 14 drepne i ein eksplosjon aust i Afghanistan måndag, ifølgje den internasjonale ISAF-styrken i landet.

Afghansk gutt får behandling ved sykehus etter et selvmordsangrep i Khost-provinsen

SÅRA: Over 60 personar vart såra i angrepet, blant anna denne afghanske guten.

Foto: ANWARULLAH / Reuters

Dei tre soldatane, tolken deira, seks afghanske politimenn og ti sivile vart drepne i eit sjølvmordsåtak mot ein ISAF-patrulje i byen Khost..

Over 60 personar vart såra i angrepet. Det er førebels uvisst kva nasjonalitet dei tre soldatane har.

Sjølvmordsbombaren kom køyrande på ein motorsykkel lasta med sprengstoff. Islamistrørsla Taliban hevdar å stå bak det dødelege åtaket.

Den øvste leiaren for den islamistiske rørsla Taliban i Sherzad-distriktet skal vera drepen av afghanske styrkar og koalisjonsstyrkar etter ein operasjon i Nangarhar-provinsen søndag, skriv ISAF i ei pressemelding måndag.

Taliban-leiaren Nawab eller «Nil», har vore sentral i arbeidet med å utstyra og koordinera Taliban sine fotsoldatar. Han har letta Taliban sin tilgang til våpen og eksplosiv, og var direkte involvert i eit åtak på ein tenestemann 21.august.

– Tre drepne av amerikanske droner

Samstundes skal tre medlemmer av ei væpna gruppe vera drepne i eit amerikansk rakettåtak i Pakistan, nær grensa mot Afghanistan.

Amerikanske førarlause fly skal ha skote fleire rakettar mot eit køyretøy i eitt av dei urolege stammeområda ved grensa, ifølgje to pakistanske etterretningskjelder.

Drone-åtaket fann stad aust for byen Miranshah i reginen Nord-Waziristan, der ei rekkje opprørsgrupper held til - blant anna Haqqani-nettverket. Det militante nettverket blir sett på som ein stor trugsel mot USA og allierte styrkar i Afghanistan.

Amerikanske styresmakter har ikkje lukkast i å overbevisa Pakistan om å starta ein militæroperasjon i området, og nyttar difor droner i kampen mot opprørarane.

Dei dødelege åtaka kjem dagen etter at Noreg sitt oppdrag i Faryab vart avslutta. Søndag blei 600 norske soldatar overførde frå NATO til det norske Forsvaret.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt