Hopp til innhold

Brutalt drap på 14-åring

Ei 14 år gammal jente vart drepen med kniv på ein utandørs basketballbane i går kveld. Ingen er pågripen for drapet.

Det var her på denne basketballbana at drapet skjedde.

Det var her det brutale drapet skjedde laurdagskvelden.

Foto: YLE

Drapet skjedde i byen Kerava (Kervo), 30 kilometer nord for den finske hovudstaden Helsingfors.

Politiet opplyser at jenta trente på ein basketballbane då ugjerninga skjedde. Den hardt såra jenta greidde å kome seg til eit hus like ved, men ho døydde like etterpå av skadane.

Politiet har avhøyrt fleire personar, men ingen er arrestert.

Kerava er ein by i sorg etter drapet.

Kerava er ein by i sorg etter det meiningslause drapet.

Foto: YLE

Det var ingen augevitne til drapet. Likevel har politiet etterlyst ein mann i 30-40-åra, kledd i svart t-skjorte og svarte bukser. Men dei er usikre på om han har noko med drapet å gjere.

Nett-tv: Politiet: - Totalt uforståelig

Fleire personar er avhøyrde i dag, utan at politiet har kome nærare ei løysing på saka.

Leiaren for etterforskinga, plitiinspektør Anssi Murto, seier til YLE at angrepet på jenta verkar vere totalt meinigslaust, og at dei ikkje veit noko om motivet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt