Hopp til innhold

13 omkom då fly styrta i slumområde

Eit småfly har styrta i eit slumområde i byen Paranaque like utanfor hovudstaden Manila på Filippinane. 13 menneske omkom, dei fleste born.

Flystyrten utanfor Manila utløyste ein kraftig brann.

13 menenske er funne omkomne etter flystyrten utanfor Manila.

Foto: JAY DIRECTO / Afp

Ein brannmann i arbeid ved styrtstaden utanfor Manila.

Ein brannmann i arbeid like ved der småflyet styrta.

Foto: JAY DIRECTO / Afp

Piloten på småflyet hadde før styrten bede om løyve til å naudlande. Dette skjedde like etter avgang frå flyplassen i Manila. Flyet frå Queen Air var sertifisert for fire eller seks personar, men det var truleg berre to personar om bord i flyet, piloten og andrepiloten. Begge to omkom.

20 menneske er tekne til sjukehus med varierande skadar. Dei fleste offera var born som leika på bakken, opplyser politiet.

Det var ikkje elevar på skulen då flyet styrta, men rundt 50 hus i slumområdet like ved vart sette i brann. Området består av primitive hus, og brannen spreidde seg raskt.

Borgarmeister Florencio Bernabe i Paranaque seier at flyet kom i brann etter å ha styrta mot F. Serrano barneskule i dag tidleg. Dei fleste offera vart born som leika på bakken.

Redningsmannskapa opplyste tidlegare i dag at det var funne to små born, eitt av dei nyfødd, blant dei omkomne.

Årsaka til flystyrten er ikkje kjend.

Video Fly styrta i slumområde utanfor Manila

VIDEO: Dei fleste omkomne var born som leika på bakken.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt