Hopp til innhold

129 omkomne i båtkantring i Kongo

Minst 129 menneske har mista livet etter at ein overlessa båt kantra på Tanganyika-sjøen, som ligg på grensa mellom Kongo og Tanzania.

Lake Tanganyika

CONGO ELECTION RETURN

Mange båtar på Tanganyika-sjøen har dårleg standard. Dette er eit bilete frå eit tidlegare høve.

Foto: ANJAN SUNDARAM / AP

Redningsarbeidarar har funne 129 lik, får nyheitsbyrået opplyst frå offisielle styresmakter i DR Kongo. Båtkantringa skjedde torsdag kveld, men det offisielle dødstalet vart først offentleggjort i dag.

221 passasjerar skal ha blitt redda opp frå vatnet. Båten var på veg frå byen Kalemie til Uvira, begge byar i Kongo.

Båten skal ha vore overlessa av passasjerar og baggasje då den kantra og gjekk ned. Og ifølgje Kongos transportminister, Laurent Kahozi Sumba, skal båtens totale vekt ha vore over den tillatne grensa.

Båtkantringar med mange omkomne er eit gjentakande problem på fleire innsjøar og elver i Afrika. Det skuldast både uforsvarleg lasting, dårleg standard på båtar, liten tilgang på redningsvestar og manglande symjeeigenskapar hos mange passasjerar.

SISTE NYTT

Siste nytt