Hopp til innhold

125 omkom i opptøyar på indonesisk fotballkamp

All toppfotball er stansa i Indonesia etter at minst 125 menneske døydde i opptøyar og kaoset som følgde då to rivaliserande klubber møttest laurdag kveld.

Rundt 3000 fotballsupporterar storma banen i byen Malang i Aust-Java under eit oppgjer mellom klubbane Arema og Persebaya Surabaya. Over 100 menneske mista livet i panikken som oppsto.

Samanstøytane skjedde på Kanjuruhan stadion i byen Malang på Aust-Java, då rundt 3000 av heimesupporterane til Arema storma banen.

Arema og Persebaya Surabaya er dei to øvste klubbane i toppdivisjonen og er innbitne rivalar. Politiet hadde på førehand frykta bråk.

I alt 125 tilskodarar døydde, seier viseguvernør i Aust-Java Emil Dardak.

Det vart først rapportert at 147 døydde som følgje av opptøyane, men talet blei seinare nedjustert til 125.

Dei fleste skal ha blitt trampa i hel i trengsel og panikk. I tillegg mista to politimenn livet.

Tåregass på fotballkamp i Malang i Indonesia 1. okt 2022

Opprørspolitiet brukte tåregass, noko som skapte panikk blant publikum.

Foto: Yudha Prabowo / AP

Laurdag morgon har det internasjonale fotballforbundet Fifa bedt fotballforbundet i Indonesia (PSSI) om ein rapport på den dødelege hendinga, melder Reuters.

– Dette er ein mørk dag for fotballen og ein uforståeleg tragedie, seier Fifa-president Gianni Infantino.

Han seier at heile fotball-verda er i sjokk etter dei tragiske hendingane.

Skaut tåregass

Opprørspoliti skaut med tåregass for å få slutt på kaoset. Røyken gav mange tilhengjarar pusteproblem og dei svima av. Dette auka panikken i folkemengda.

I panikk sprang hundrevis av menneske mot ein utgangsport i forsøk på å unngå tåregassen. Fleire vart kvelte i trengselen, og andre vart trampa ned.

Utanfor stadionet heldt bråket fram og fleire bilar vart tent på.

Rivaliserande klubbar

– Rundt 180 menneske blir framleis behandla på sjukehus, sa politisjef Nico Afinta på ein pressekonferanse, ifølgje det statlege indonesiske nyheitsbyrået Antara.

Meir enn 300 vart frakta til sjukehus, men fleire døydde på vegen dit.

Ødelagt politibil i Malang i Indonesia

To politimenn døde og ti politibilar vart utsette for hærverk under opptøyane.

Foto: Yudha Prabowo / AP

Rundt 3000 av til saman 40.000 tilskodarar skal ha komme ut på banen, og ti politibilar vart utsette for hærverk, ifølgje Afinta.

Politisjefen sa at dei hadde foreslått at det berre skulle vere Arema-supporterar til stades på kampen, på grunn av heftig rivalisering mellom tilhengarane til dei to klubbane.

Kampen mellom Arema og Persebaya Surabaya enda 2–3.

Stansar kampar

PSSI har sett i gong ei gruppe som skal undersøkje hendinga.

– Vi beklagar handlinga til Arema-supporterane på Kanjuruhan stadion, seier forbundssjef Mochamad Iriawan i ei fråsegn søndag.

Kampar i indonesisk Liga 1 er stansa i éi veke som følgje av hendinga, og Arema får ikkje avvikle fleire heimekampar denne sesongen.

Minst 129 mennesker døde i opptøyer etter en fotballkamp i Malang på Øst-Java lørdag kveld.

Minst 125 menneske døde i dei valdelege opptøyane. Mange ligg framleis på sjukehus.

Foto: Yudha Prabowo / AP

Presidenten i Indonesia, Joko Widodo, gav søndag morgon ordre om å stoppe alle liga 1-kampar til ei gransking rundt tryggleiken under fotballkampar er gjennomført.

Nyheita om hendinga har spreidd seg rundt om i Europa, og spanske fotballklubbar skal halde eit minutt med stille før fotballkampar søndag kveld.

– Det spanske fotballforbundet (RFEF) og La Liga har vorte samde om å halde eitt minutts stille i alle første- og andredivisjonskampar denne dagen etter tragedien, skriv RFEF på nettsidene sine.

SISTE NYTT

Siste nytt