Hopp til innhold

Måtte søke ly på stranda for kraftig skogbrann

Magdalena var ein av fleire hundre som ikkje fann nokon anna utveg enn å søke til stranda i natt – over 4000 brannfolk er sett inn for å få bukt med skogbrannane i Sør-Frankrike.

Det er flere skogbranner i sør-Frankrike. Flere tusen mennesker evakueres.

Over 540 brannmenn har vore inne i sløkkingsarbeidet av skogbrannen i Bormes-les-Mimosas, mellom Hyères og Saint Tropez

– Det var ei heftig oppleving, fortel Magdalena Rosenblad til NRK.

Ho ferierer med familie og vener på Cap Benat i Bormes les Mimosa, og blei vekt kl. 02.30 av huseigaren som sa at dei måtte evakuere etter rask spreiing av ein av skogbrannane som herjar i området.

Til no er 12.000 evakuerte vest for St.Tropez, 3000 av dei ferierande i det populære området.

Søkte til stranda

Saman med hundrevis av andre har familien overnatta på stranda.

Magdalena Rosenblad

Magdalena Rosenblad synes det var skremmande å kome så nær på skogbrannen i Sør-Frankrike.

Foto: privat

– Det var jo ikkje noko anna stad å dra, brannen var liksom rett bak og det er jo tørt som berre det, det har ikkje regna skikkeleg sidan januar.

Ho seier at dei framleis er i sjokk etter at dei i natt måtte forlate huset og eigedelane sine i full fart, medan dei kunne sjå flammane nærme seg.

– Det er ingen av oss som har opplevd å få noko slikt så nært før. Det er snakk om kjempekrefter med den vinden no, det er nesten som at den er så kraftig at den tek tak i bilen. Det er vanskeleg å førutsjå kor fort det går.

Brann sett frå stranda i La Croix-Valmer

Ein av brannane sett frå stranda i La Croix-Valmer, nær Saint-Tropez, 25.juli

Foto: VALERY HACHE / AFP

Kraftig mistralvind og knusktørt landskap

Den kraftige mistralvinden i kombinasjon med det knusktørre og varme vêret gjer at brannen spreier seg raskare enn mannskapene klarer å reagere.

4000 brannmenn er sett inn i slokningsarbeidet og 19 vassbombefly som flyr i skytteltrafikk fram og tilbake mellom Middelhavet og brannområda. Også Italia har bidrege med fly.

Onsdag morgon var 800 hektar med skog og kratt svidd av. I morgontimane blei det sett inn sporingsfly som skal registrere nøyaktig kvar flammane er, og i kva retning dei bevegar seg.

Skader etter skogbrann

Ein mann inspiserer skadene etter brannen i Bormes-les-Mimosas.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP

Ein lokal tenestemann kritiserer styresmaktene for at det ikkje blir rydda opp regelmessig i underskogen. Det blir stadig færre bønder og mindre dyrka mark i området, samtidig som utbygginga av feriehus med vegar og kraftliner tett på skogsområde er med på å auke brannfaren, skriv NTB.

Skogbrann i Bormes-les-Mimosas

SISTE NYTT

Siste nytt