11 Trump-tilhengjarar tiltalte for oppvigling

Leiaren for den høgreradikale gruppa Oath Keepers og 10 andre Trump-tilhengjarar er tiltalte for oppvigling i samband med storminga av Kongressen i januar i fjor.

Stewart Rhodes

Stewart Rhodes er grunnleggjar av Oath Keepers og hadde ifølgje påtalemakta ei leiarrolle under storminga av Kongressen 6. januar i fjor. Biletet er teke på eit Trump-rally i Minneapolis i oktober 2019.

Foto: JIM URQUHART / Reuters

Tiltalane er dei første etter storminga og viser kor alvorleg Justisdepartementet ser på saka, skriv CNN.

Blant dei tiltalte er leiaren for Oath Keepers, Stewart Rhodes (56), som torsdag vart arrestert av FBI. Justisdepartementet viser i tiltalen mellom anna til ei rekkje nye detaljar om korleis angrepet vart planlagt og gjennomført.

Bakgrunn som soldat og jurist

Stewart Rhodes, bilde tatt av politiet 13. januar 2022

Stewart Rhodes vart arrestert 13. januar, litt over eit år etter storminga.

Foto: Collin County PD / AFP

Ifølgje tiltalen er dei 11 skulda for å ha konspirert saman om å skipe til eit opprør.

Rhodes var ifølgje Washington Post til stades ved Kongressen 6. januar i fjor då storminga skjedde. Sjølv har han hevda at han ikkje vart med inn i kongressbygninga.

Fleire av dei som stod bak og deltok i storminga er allereie dømd til fengselsstraffer og bøter.

Elmer Stewart Rhodes skipa organisasjonen Oath Keepers i 2009. Han er utdanna jurist frå Yale, er tidlegare fallskjermsoldat og har vore rådgjevar for den republikanske kongressrepresentanten Ron Paul.

Kler seg i kamoklede og ber våpen

Den høgreradikale militsen har utmerka seg ved å skipe til politiske møte og demonstrasjonar der dei forsvarer retten til å bere skytevåpen som dei seier at Demokratane vil ta frå dei.

Dei har uttrykt full støtte til Donald Trump som dei meiner er den einaste presidenten som verkeleg har forsvart grunnlova.

Ein stor del av medlemmane i Oath Keepers har bakgrunn frå militæret eller politiet. Dei kler seg i militsliknande kamuflasjefarga uniformer og ber skytevåpen openlyst på møte og når dei demonstrerer.

Stewart Rhodes på møte i Hartford i Connecticut 20 aptil 2013.

Den høgreradikale militsen Oath Keepers vart skipa i 2009 med føremål å forsvare den amerikanske grunnlova. Dette biletet viser Stewart Rhodes tale eit møte i Hartford i Connecticut i 2013.

Foto: Jared Ramsdell / AP

Trur ikkje det var spontant

Ifølgje CNNs sin kommentator fjernar dei nye tiltalene all tvil rundt kor alvorleg påtalemakta ser på storminga. Dei er no langt frå å bagatellisere åtaket som noko som overivrige tilhengjarar spontant deltok i.

Statsadvokaten i Washington DC, Karl A. Racine, har på vegner av styresmaktene i byen, reist ei sivil sak mot dei høgreradikale gruppene Proud Boys og Oath Keepers for skadane som vart gjort på politifolk, bygningar og utstyr.

Kallar inn tek-gigantar

Samtidig har kongresskomiteen som etterforskar storminga kalla inn dei store teknologiselskapa Meta (Facebook), Twitter, Reddit og Alphabet (Google). Komiteen vil ha klarheit i kva rolle sosiale medium hadde i planlegginga og gjennomføringa av storminga.

Hensikta skal vere å få tilgang på data som kan etablere eit mogeleg samband mellom opprørarane og Det kvite huset.

Den demokratiske leiaren for komiteen, Bennie Thompson, seier at han godkjente dei fire stemningane sidan selskapa har ignorert tidlegare førespurnader om innsyn i korleis plattformene vart nytta til planlegging av angrepet.

Han bad og Twitter forklare kva dei la til grunn då dei stengde president Donald Trump ute frå Twitter to dagar etter åtaket. Den gong viste Twitter til fleire meldingar frå Trump som dei meinte oppfordra til vald.

SISTE NYTT

Siste nytt